Nortura fjernar 70 arbeidsplassar frå distriktet, gløymer dyrevelferda og bruker effektivisering som viktigaste argument

Av
DEL

lesarinnlegg

Nortura Otta blir nå vurdert lagt ned i eit av dei fylka som er størst på storfe i Norge. Nortura er landbruket sin eigen organisasjon, og verdiskaping ute i distriktet blir fremma som eit viktig formål for Nortura. Men, om dette går igjennom er det eit formål som ser bra ut på papiret, men som i praksis betyr lite. Det er dessverre ei kjensle vi som bur ute i distrikta har. Når det kjem til omstillingsprosessar for organisasjonar som har produksjonar rundt omkring i landet, blir det meir effektivt og betre når det blir større og plassert meir sentralt. Altså nærare dei store byane.
 

Men, kva med produktet? Kva med dyrevelferda? Kva med produsentane?
Produsentane er opptekne av kvalitet på det dei leverer og dei er ikkje minst opptekne av dyra sin velferd. Vil dei framleis levere til Nortura i framtida?
Nordfjordkjøtt vil bli eit betre alternativ for produsentane i Nord-Gudbrandsdalen og forbrukarane ynskjer kvalitet. Det er ikkje likegyldig kva vi et, og det vil ikkje bli mindre fokus på at maten skal vere lokal og fortelja ei historie. Dette er noko Innlandet SV har fokus på. Vi legg vekt på kor viktig det er å styrke landbruket og matprodusentane i distrikta, dei små- og mellomstore bruka som produserer mat vi nettopp kjenner historia til. Men, det må vere føreseielegheit for produsentane, dei må kjenne villkåra og det må vere vilje til å tenkje slik sentralt.

Å miste 70 arbeidsplassar er også svært alvorleg for distriktet og det er nærliggande å stille spørsmål ved lojaliteten styret syner Nortura Otta, som har levert svært gode resultat. Det må bety mykje for ein organisasjon som reklamerer med trygge råvarer, stolte fagfolk og god dyrevelferd at dei i fortsettinga ikkje skal miste truverdigheit. Kva skjer med dei 70 stolte fagfolka på Nortura Otta? Er dei ikkje viktige lenger? Er det ikkje viktig med god dyrevelferd lenger?

På heimesidene sine syner Nortura til at dei i 2018 har redusert klimaavtrykk frå transport med heile 10 %, er ikkje tida inne for å gå vidare med denne satsinga. Det blir vel ikkje mindre transport ved å flytte alt til Rudshøgda? Var det berre i 2018 ein hadde bestemt seg for å gjere noko med klimaavtrykket?

Nei, nå håpar eg at Nortura sitt styre tenkjer seg om og gjer som Tine gjorde for nokre år sidan da dei valde å satse på det lokale ysteriet på grensa mellom Lom og Skjåk. Dei valte å halde oppe ysteriet som produserte grytekokt G35 og satsa på kvalitet, ikkje kvantitet.
Det står seg for framtida og syner fram at ein tek både produsentar, forbrukarar og distrikta på alvor. Det er ei suksesshistorie, dei blir i dag satsa på og blir karakterisert som ei innovativ og nyskapande bedrift med topp kvalitet på produkta sine og ikkje minst tilfredse tilsette.

Innlandet SV ynskjer å framleis ha eit aktivt landbruk over heile landet. Det er ikkje det styret i Nortura har fokus på i denne prosessen. Dei gjer det ikkje enklare å produsere den maten og dei produkta vi veit det er og vil bli, størst etterspørsel etter.

Les også: Nortura plikter å tenke på sine medlemmer. Omtanken handler om mer enn penger på kort sikt

Les også: I ei tid der dyrevelferda står i høg-setet, er lenger frakt av dyr uklokt

Les også: Nortura-saken: – Det er et tap for Norge å miste et anlegg som her på Otta

Les også: Nortura-møtet på Otta: – Jeg har gruet meg i hele dag til å komme hit

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags