Er det kyrkjestrid i Øyer, GD?

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

lweserinnlegg 

Det var det ikkje før, men kanskje det blir det etter GD sitt oppslag 12.sept om kyrkjerommet i Øyer. GD viser til eit brev frå to klokkarar, og ut frå oppslaget verkar det som dei to uttalar seg på vegner av kyrkjelyden, i alle fall er det slik GD framstiller det. Og det er presten som får skulda for det GD kallar strid. Veit ikkje GD at det er fellesrådet, i Øyer kalla det kirkelige råd, som gjer vedtak? Og har GD lite å skrive om når det må gjerast sak av noko som ordna seg dagen etter det vart teke opp? (Siktar til bruk av klokkar på konfirmasjonsdagen.)

Om flytting av interiør: Som leiar i Øyer og Tretten kirkelige råd (ØTKR) kan eg ikkje godta at GD, saman med kjeldene sine, gjer presten vår til syndebukk for det vi i ØTKR gjer vedtak om og står for. Prost Anita Dalehavn kommenterer saka om interiør i eit lesarinnlegg den 13.sept. Eg vil berre tilføye at då rådsmedlemmene kom inn i kyrkja og såg ommøbleringa, var kommentarane – nei, så fint det vart, og så ope og godt!

Geir prest orienterte om kva rolle desse tre delane i kyrkjeinventaret har både i kristendomen, i gudstenesta og i kyrkjerommet. Vi var einige om å prøve denne møbleringa både i Øyer og på Tretten, så fekk vi høyre kva folk syntest og høyre med biskopen om vi fekk lov. Difor er ikkje dette meir spikra enn at alt kan bli som før, viss vi vil det, eller må det.

Vi veit det er ulike meiningar om det meste, og det skal det vera, men heller ikkje på dette område er det berre eitt rett svar. Det er ØTKR som er ansvarlege for vedtaket, og det er urettferdig at presten blir gjort ansvarleg for det. No er det forresten ikkje noko nytt at det bli endringar når ny prest kjem.

Om golvfarga: Når det gjeld golvfarga, viser eg til det kyrkjeverje seier i GD sitt oppslag. Bygdefolket har ved fleire anledningar, bl.a. i Klokkeklang, vorte inviterte til å meine noko om kva og korleis golvet skulle haldast ved like, men ingen tok kontakt. Ein må vel ha lov å tru at dei som er interesserte i kyrkjas ve og vel, og som gjerne vil vera med å påverke positivt, i alle fall les Klokkeklang.

Eg vil elles presisere føljande: Riksantikvaren hadde forståing for at 150 000 kroner er mykje pengar. Det var nemleg skilnaden i pris på lakka golv og måla golv. Riksantikvaren kunne difor vera med på at golvet vart måla og anbefalte mørk brun som den beste, men ei lysare brunfarge kunne og fungere, sa han. Vi valde å høyre på han.

Kva er viktigast? Eg meiner innhaldet i det som går føre seg i kyrkja er viktigare enn både golvfarge og kvar inventaret er plassert. Det viktige for meg er at folk kjenner seg velkomne og får noko positivt og godt ut av møta. I sommar har mange gifta seg i kyrkjene våre, og mange har døypt ungane sine. Eg håpar verkeleg at dei alle kjende på noko som gjer at dei vil koma attende ved seinare anledningar.

Om omtrent eitt år er eit nytt kyrkjeleg råd på plass. Dei vil få eit stort ansvar som blir gjeve til dei som stiller til val og blir valde. Dei vil få innsikt i eit fagområde dei færraste veit så mykje om, dei får interessante oppgåver saman med stab og andre frivillige. Og dei vil, etter beste evne, ta viktige avgjerder til beste for folkekyrkja vår i Øyer.

Les også: Ommøbleringen i Øyer en prøveordning

Les også: - Bedehusaktig møblering, hevder klokkerne i Øyer

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags