Farvel til "Ja vi selger dette landet-regjeringa"

Av
DEL

Lokale nyheter – 5 kr for 5 uker

Leserinnlegg
Det er heilt utrule at nokon tør å stemme på dei blå, som er dei som har gjeve frå seg mest suverenitet, sidan krigens dager.

Når dei ikkje er styringsdyktige sjølve, men overlet meir og meir styringa til overnasjonale makter, så må andre som framleis held på folkestyre og demokrati ta over makta.

Slik det er nå, så er det EU i gjennom husmannskontrakta EØS som har teke over styringa av landet, trass i at folket fleire gonger har takka nei til dette udemokratiske byråkratstyre.

Men med det byråkratvennlege Høgre og eit stadig veksane byråkrati her så er det naturleg at folkestyre er gjeve på båten.

Nå er det tvang, kommunesamanslåingar, sentralisering og salg av verdfulle ressurser som gjeld.

Det ser ut til at veljarane har gløymt at Frp på 1970-talet ville selja noko av oljeformua for småpengar, nå er vel oljefondet godt over 7000 milliarder kroner.

Må til slutt nemne distrikta og, som før valget var ukjent for dei blå, men nå har dei liksom oppdaga distrikta og lovar tvert gull og grøne skoger lil dei.

Det går nok fort over!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags