Regionreform: Ingenting har endra seg – så langt

Innlandet: Aud Hove er uroa over kva regionreformen fører med seg. Her saman med forhandlarane frå Oppland og Hedmark.Arkivfoto

Innlandet: Aud Hove er uroa over kva regionreformen fører med seg. Her saman med forhandlarane frå Oppland og Hedmark.Arkivfoto

Av
DEL

debatt 

Ingenting har eigentleg endra seg sidan Sp i fylkesting stemte nei til samanslåing av Oppland og Hedmark til eit storfylke bortsett frå at stortingsfleirtalet stemte for ei samanslåing og overkøyrde fleire fylkesting sine vedtak. Når no Finnmark standhaftig står i mot ei samanslåing som for dei verkar meiningslaus og sentraliserande, berre gjev det eit bilde på kor vanskeleg dette er. Her må det ryddast opp av Stortinget.

Det er vanskeleg å forstå logikken i den inndelinga regjeringa med sine samarbeidspartnarar har lagt når dei lar Møre- og Romsdal bli verande eit eige fylke, men slår saman Buskerud, Akershus og Østfold til Viken.

Toppen av kransekaka er at dei lar Oslo få ligge der som ei øy i kaoset. Med andre ord eit lite forankra og ulogisk vedtak rundt i fylka. Spriket i størrelse på dei nye 11 fylka er større i den inndelinga enn den som er i dag!

Avstandane har ikkje vorte mindre etter at vi skulle bli eit dobbelt så stort fylke. Det vart i starten kalla ein demokratireform, men eg ser heller ikkje spor av det så langt.

Eit ekspertutval leverte si innstilling til oppgåvefordeling. Dette lar også vente på seg!

Det skulle ryddast opp i alle dei ulike organiseringane innan statlege etatar, det har heller ikkje skjedd.

Regjeringa vil med regionreforma legge til rette for positiv samfunnsutvikling i alle delar av landet, basert på regionale fortrinn, føresetnader og prioriteringar. Det er bra, men denne blå-blå regjeringa har kutta i regionale utviklingsmidla til vårt fylke år for år.

Skal ein gjere så store inngrep i eit nivå, må det ligge genuin omsorg for at dette skal bli bra i botnen. Fylkestinga i både Oppland og Hedmark har teke Stortingsvedtaket til etterretning så langt, og sett ned fellesnemnd og starta jobbinga for å lage Innlandet. Vi har flotte folk, både i organisasjonen og på politisk nivå, som no jobbar for å bygge eit best mogleg nytt fylke sjølv om begge fylkestinga stemte mot. Men framleis kan Oppland, med sine innbyggarar, sin kompetanse og naturgjevne forhold, fint fortsette som eige fylke og kan også fint ta på seg nye oppgåver.

Vi har, og kjem til å ha, utstrekt samarbeid med Hedmark, men vi bør også bli meir offensive over til andre naboar for å strekke kompetanse og næringsflyt i fleire retningar. Folk bur der dei bur, og vi skal, som Sanner sa da han besøkte fylkestinga i Oppland og Hedmark, ha ei balansert utvikling i heile fylket.

Trua på at stort er betre og argumentasjonen om at vi må endre fylkesgrensene fordi dei har vore der i for mange år, er ikkje gode nok for dei omveltingane dette har sett i stand.

Eg er veldig bekymra for korleis ein skal ta vare på samfunnsutviklinga i større fylke. Eg meiner at svaret er ikkje større fylke, men tvert imot å vere enda tettare på ute i kommunane og regionane. D

Det er folket, innbyggarane, som er samfunnet vårt. Den kontakta er avgjerande for å få og sjå lokal identitet og utviklingspotensial. Monica Mæland må slutte å skulde på Stortinget, men vise vilje til at fylkeskommunane faktisk skal kunne ta den samfunnsutviklingsrolla dei skal ha på deira premissar.

Sjølv om eg har stemt for ei samarbeidsavtale for å få i gang prosessane for å bygge Innlandet fylkeskommune, betyr ikkje det at eg er meir einig i samanslåing nå enn eg var så langt. Pr. dato er det berre ein skrivebordsreform. Uavhengig av om vi blir Oppland eller Innland, vil Sp jobbe aktivt kvar dag for å bygge og utvikle heile fylket.

Vi bur i eit fjellfylke og der står fjellvettreglane sterkt. Vil derfor minne Stortinget på fjellvettregel nr. 8.: Vend i tide, det er ingen skam å snu.

Aud Hove

Fylkesvaraordførar (Sp),  Oppland

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags