Uante reform-konsekvensar?

Av
DEL

debatt 

Regjeringa sin regionreform, mangel på samling av regional stat, manglande plan for gjennomføring og sentralisering byrjar no å bli ei stor utfordring. Nesten ingen av dei brikkene vi mangla for eit år sidan har kome på plass. Nye oppgåver og samfunnsutviklarrolla er i det blå, bokstaveleg talt. Regjeringa har dei siste åra kutta i regionale utviklingsmiddel og satsar overhovud ikkje på utbygging av breiband, slik vi treng og ber om.

Kva er regjeringa sin strategi? Vi får større ulikskap enn nokon gong! Både geografisk, befolkningsmessig og organisatorisk! Til det siste, så blir det ikkje ei einaste fylkeskommune eller eit einaste fylkesmannsembete som blir organisert på same måten! Regjeringa kastar berre opp ballen og byr opp til ein kamp utan trenar og berre angrepsspelarar!

Les også: Vi lever i virvarets tid

Sentraliseringa har skote fart. Eg kan nemne som døme Politi, NAV, Fylkesmannen, Mattilsynet, Skattekontoret, Arbeidstilsynet. I kjølevatnet av regionreforma ser vi at næringslivet også vurderer å samle og sentralisere. Kva vil skje med Tingretten, Statens vegvesen? Det meste blir sett i spel når ein av dei største reformane etter krigen byrjar å rulle. Eg er usikker på om vi eigentleg ser konsekvensane av dette.

Derfor må vi som er fylkespolitikarar no sette ein fot i bakken og sjå om vi ikkje må justere den fordelinga som vart forhandla fram under press i løpet av nokre veker i 2016. Så langt har vi sett i gang prosessar og derfor er det nå vi må gå inn og justere for å få ei balansert utvikling i heile det store Innlandet.

Slik det ligg an no sit Hamar med 450 arbeidsplassar og Lillehammer med 150 for fylkeskommunen. Dette er ikkje ei balansert utvikling etter mitt syn. Sams vegadministrasjon kom også etter kvart inn i biletet, som fører til dette resultatet sidan vi hadde vedteke å legge samferdsel også til Hamar. Fylkesmannen var eit av forhandlingskorta sidan hovudkontoret skulle ligge på Lillehammer. Fordelinga der er ca. 200 på Lillehammer og 40 på Hamar. Summerer vi dette blir det 490 arbeidsplassar på Hamar og 350 på Lillehammer.

Dersom vi meiner noko med vår motstand mot sentralisering, dersom vi meiner noko med å ta heile Innlandet i bruk og dersom vi meiner at vi må sjå ting i samanheng er no tida inne for å sjå om vi kan finne andre løysingar.

Derfor meiner eg vi skal vurdere om samferdsel bør leggast til Lillehammer. Da blir det for det fyrste ei jamnare fordeling av arbeidsplassar i dei to mjøsbyane som blir påverka av regionreformen. Men det viktigaste er at vi i staden for å rive det faglege miljøet vi har i Statens vegvesen heilt frå kvarandre i dag, kan samle desse funksjonane på Lillehammer for å framleis ha gode arbeidsforhold, korte avstandar, behalde kompetanse og kanskje sikre at det resterande av Statens vegvesen i neste omgang ikkje blir lagt til Oslo!

Senterpartiet har gjennom si behandling i Stortinget i haust foreslått å vurdere at drift og vedlikehald av riksvegane også skal over til fylkeskommunane. Derfor er det avgjerande at vi tenkjer strategisk for å møte dette på ein god måte.

Senterpartiet har i sitt forslag til program poengtert at vi skal vere den viktigaste motkrafta mot at regionreforma ikkje skal føre til sentralisering av Hedmark og Oppland. Vi må sjå på dette med ope sinn og ta ei ny vurdering av den fordelinga som vart gjort for over eit år sidan. Vi kritiserer alt og alle om at dei slår saman, sentraliserer og avpolitiserer, derfor må vi vise at vi tek eit samfunnsansvar for å få ei balansert utvikling i heile Innlandet.

Les også: Regjeringa overkjører oss

Les også: «Byens nest svarteste dag!»

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags