På Lillehammer og i Gudbrandsdalen er vi i dag ikkje i nærleiken av profesjonaliteten og handlekrafta våre «konkurrentar» i vest legg for dagen

Vi er ikkje i nærleiken av profesjonaliteten og handlekrafta som våre «konkurrentar» i vest legg for dagen. Samstundes er vi altså fremst innan klimavenleg reiseliv, skriv Sigurd Rønningen.

Vi er ikkje i nærleiken av profesjonaliteten og handlekrafta som våre «konkurrentar» i vest legg for dagen. Samstundes er vi altså fremst innan klimavenleg reiseliv, skriv Sigurd Rønningen. Foto:

Av
DEL

debatt

Vi treng ikkje fantasere om grønt gull i framtida – i Gudbrandsdalen foredlar vi det allereie. No må reiseliv og politikarar rigge for lukrativt leiarskap i ei nær, lågfossil framtid.

Visit Lillehammer og Nasjonalparkriket varsla nyleg at dei som fyrste destinasjonsselskap i landet går stikk motsett retning av resten av Reiselivs-Noreg: Strategien er heretter å drive marknadsføring og produktutvikling for nærmarknaden i Noreg og Nord-Europa. Eit konkret og framtidsretta vegval som riggar regionen vår for auka lokal verdiskaping i ei lågfossil framtid vi veit kjem svært raskt.

Tid for handling. På ein del samfunnsområde kan sindige og tradisjonstru gudbrandsdølar framstå som lite offensive. No har klimakrisa brått gjort verdiane vi hegnar om og vidareutviklar til verdifulle fortrinn: Verda står framfor eit grønt skifte, men der andre landsdelar gir bånn klimagass og utviklar turisme med ekstreme karbonavtrykk – har Gudbrandsdalen per i dag det suverent mest berekraftige reiselivet i landet. Eg vil her forklare kvifor – og kva unike fortrinn det gir oss for utvikling og verdiskaping i ei nær, lågfossil framtid. Viss vi grip høvet.

Klode med reisefeber. Globalt utgjer snitturisten sin (fly) tur til og frå ferien meir enn 75 prosent av klimautsleppa til reiselivet. Den fremste årsaka til at reiselivet i Gudbrandsdalen er det mest berekraftige i Noreg, er at vi har fleire kortreiste turistar enn nokon andre. 85 prosent av Visit Lillehammer sine gjestar er frå Skandinavia – noko som betyr langt færre asiatiske og amerikanske gjestar med ekstreme klimautslepp enn resten av landet. Vi har verken flyplass eller cruisehamner, men gode togforbindingar og ekspressbussruter – verdifull infrastruktur i ei nær, lågfossil framtid.

Look to Gudbrandsdalen. Skal Noreg få ned klimautsleppa per turist, må gjestane bli lengre for å minke transporten per overnatting. Igjen er Gudbrandsdalen fremst, med aktivitetar, attraksjonar og klima attraktivt nok til å bli her lenge. Eit berekraftig reiseliv gir høg lokal sysselsetting, og travle høgsesongar sommar og vinter og aukande aktivitet vår og haust gjer andelen heilårsstillingar i Gudbrandsdalen relativt høg. Vidare er dal og by langt framme i utviklinga av nye aktivitetstilbod – svært mange til fots, på ski eller (el) sykkel. Legg til framifrå lærlingordningar og dei mest klimabevisste reiselivsaktørane i landet – og dalanes dal, OL-byen og fjellheimen kring har eit unikt utgangspunkt for å profittere på langt strengare klimakrav frå både gjestar og myndigheiter. Men varsku – grønt reiselivsgull er så ettertrakta at posisjonen fort kan bli tatt frå oss.

Grønt gullrush. Nyleg var eg invitert til Scenario 2030-konferansen for å utfordre reiselivet på Vestlandet på klima og lokal verdiskaping. Eit sorgas kapittel om ein ser på flyvekst, cruisesatsing og tilløpa til overturisme som rir landsdelen. Samstundes ei imponerande oppvising i samhandling og fellesløft for å meisle ut strategien for utviklinga av reiselivet på Vestlandet anno 2030: Fylke, forvaltning, kommunar og reiselivsaktørar frå heile landsdelen var samla om eitt formål: Rigge reiselivet for ei lågfossil framtid. På Lillehammer og i Gudbrandsdalen er vi i dag ikkje i nærleiken av profesjonaliteten og handlekrafta våre «konkurrentar» i vest legg for dagen. Samstundes er vi altså fremst innan klimavenleg reiseliv. Der står vi – men kvar går vi?

Eg vil med dette oppfordre vår klimaengasjerte fylkesmann og fylkesordførar i lag med kommunar og reiselivsaktørar: Finn saman for å meisle ut kva reiseliv regionen skal ha i 2030 – og kva tiltak som tek oss dit. Vinsten har aldri vore større.

Les også: Bærekraft står på vår felles meny

Les også: Vi prioriterer nærmarkedene

Les også: Med el-fly kan flystripa på Frya oppleve en liten renessanse

Sigurd Rønningen

Dagleg leiar i Gull & Gråstein

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags