Vi skal leva av reiselivet, men kva slags reiseliv skal vi leva av?

- Alt kan ikkje ordnast på makronivå - kva kan eg sjølv gjera? Vil det monne om vesle meg endrar min praksis?spør Torveig Dahl.

- Alt kan ikkje ordnast på makronivå - kva kan eg sjølv gjera? Vil det monne om vesle meg endrar min praksis?spør Torveig Dahl.

Av
DEL

debatt

Norsk Fjellsenter har nett arrangert ein framifrå konferanse som sette fokus på nasjonalt reiselivsløft for klima og verdiskaping. Det var gode innleiarar, drøftingar i mindre grupper – gode samtalar i pausene, med god delingskultur!

Det var særleg fokus på det mange kalla «elefanten i rommet», som i denne samanhangen var aukande utslepp frå fly og cruiseskip – saman med ynskje om aukande mengde turistar til/frå Noreg.

Det er støtt vanskeleg å samanlikne og forstå talgrunnlag som blir lagt fram. Spørsmål om kva som er rekna med og ikkje heng ofte i lufta. Det er tidlegare lagt fram at reiseliv har 12 % del av samla klimautslepp. Det har vore vanleg å rekne med utslepp for innanlands reiseliv, og ikkje rekna inn utslepp for flytrafikk/båttrafikk til og frå Noreg. Det reelle talet jf. Carlo Aall/Vestlandsforsking var i 2018 11 mill. tonn CO2, tilsv. 20 % av norske rapporterte utslepp!

Justin Francis/Responsible Travel fortalde at drivstoff til fly ikkje er pålagt moms eller andre skattar/avgifter, medan alt anna drivstoff er det. Her er det ei utfordring for styresmaktene for å ta nokre grep for å jamne ut reisekostnadar for t.d. fly – tog. Noreg stiller ikkje strenge klimakrav til cruiseskip langs kysten, inn i fjordane eller når dei ligg i ro ved ei hamn, faktisk stiller vi mindre krav enn land vi kan samanlikne oss med…

Ynskjer vi fleire turistar/større omsetting for ein kvar pris? Ynskjer vi fleire av dei rikaste turistane som legg att mest pengar – eller skal vårt reiseliv vera for alle? Ingen nemnde pilegrimsleden som er av dei beste grøne reiselivstilboda vi har i vår region, det var synd. Turistar frå mange land som går på sine bein gjennom Gudbrandsdalen, blir i landet i gjennomsnitt 22 dagar, med eit ganske lågt klimafottavtrykk.

Vi fekk inspirerande døme frå andre prosjekt, som t.d. Alpine Pearls. Dei har utvikla eit flott nettverk som har kome godt i gang med gode miljøtiltak over eit stort område. Relevansen til Gudbrandsdalen/Fjell-Noreg er slåande. Det vart også presentert eit lovande regionalt prosjekt i regi av Midt-Gudbrandsdal Næringsforening og Visit Lillehammer om «Reis smart», som er under utgreiing.

Verdiskaping og berakraft blir ofte brukt i økonomisk kontekst, som økonomisk vekst og utvikling som styrker samfunnet sitt grunnlag. Men det kan og brukast for sosiale, institusjonelle og miljømessige sider ved samfunnsutviklinga. I samband med internasjonalt arbeid, og det grøne skiftet/klimakrisa, blir Brundtlandrapporten (1987) ofte lagt til grunn. Der er berakraftig utvikling (sustainable development) definert som «utvikling som imøtekommer behovene til dagens generasjon uten å redusere mulighetene for kommende generasjoner til å dekke sine behov. Bærekraft inneholder to sentrale begreper.: 1) begrepet behov, særlig de grunnleggende behovene til verdens fattige, som bør gis overordnet prioritet, og 2) ideen om begrensninger som følger av teknologisk utvikling og sosial organisering på miljøets evne til å møte nåværende og fremtidige behov».

Det er mykje fokus på paradigmeskiftet volum vs. verdiskaping/berakraft. Men det er ikkje støtt at ein presiserer kva slags verdiskaping eller berakraft ein pratar om, så ein kan undre seg, pratar ein om det same? Det er ikkje gitt at ei økonomisk godt veksande reiselivsnæring er like berakraftig i høve klima.

I vår tid er klima eit av dei overordna og viktigaste utfordringane for verdssamfunnet, som også for vårt regionale reiseliv. Det er så lett å setta krav til andre, som FN, EU, regjering og Storting, regionale poliitikarar, flyselskapa, rederia, transportnæringa. Sjølvsagt skal vi stille krav til desse. Det hastar med handling globalt!

Men det er nærliggande å undre seg over kva slags krav som stillast til kvar og ein av oss i tillegg, både innan reiselivet og i alle sin kvardag. Alt kan ikkje ordnast på makronivå - kva kan eg sjølv gjera? Vil det monne om vesle meg endrar min praksis? Det er nærliggande å ta inspirasjon frå Mjøsaksjonen (frå 1973) der nokre husmødre gjekk saman og kravde fosfatfrie vaskemiddel og reinare vatn i Mjøsa. Dei vart mange etter kvart, og styresmaktene kom etter med reguleringar. Sjølv butikkane var raske til å endre sitt varesortiment når dei forsto at kundane kravde det.

Nå hastar det nemleg. Ikkje berre for oss i Noreg, men for heile verdssamfunnet. Vi i vesten har særlege forpliktingar som har så høg levestandard med så tunge klimaavtrykk pr. person. Mange bekkar små gjer ei stor å, tiltak både på mikro og makronivå får det grøne skiftet til å henge saman, dra i same retning. Her kan reiselivet i Gudbrandsdalen gjera gode grep.

Så: kva kan eg - og kan hende andre som meg - gjera?

  • Fly mindre – kan hende halvere flyturane årleg, jau, det kan eg greie.
  • Bruke meir tog og buss, jau, det kan eg og greie.
  • Handle stuttreist mat, jauda, det gjer eg.
  • Gå og sykle meir, mindre aleine i bil, meir samkøyring, det er bra!
  • Feriere meir i Noreg, det eksotiske landet vårt? Jau, gjerne.
  • Bruke mindre plast (inkl. klede med mikroplast) og gjenbruke plast, jau, det gjer eg
  • Mindre bruk og kast, reparere meir, forbruke mindre, jau, eg gjer så godt eg kan.
  • Bruke stemmeretten vår til hausten, få parti og politikarar som vil handle for eit grønt skifte, ikkje berre koma med flott retorikk, jau det skal eg gjera.
  • Lista kan bli lengre - og eg kan bli stadig flinkare etter kvart som eg legg om vaner og rutiner. Det kan sikkert mange andre og.

Det var mange på konferansen som nemnde at vi skal gjera dette for våre barnebarn. Det er vel og bra, litt stutt perspektiv kan hende? Naturen har ein eigenverdi i seg sjølv. «Naturen er kulturens hjem»(Nils Faarlund) gjev eit godt grunnlag for handling for naturen, som vi menneska er ein del av. Kan hende vi må børste støv av det gode ordet solidaritet? At våre handlingar i større grad må vera prega av omsynet til andre i naturen på lik line med meg sjølv?

Konferansedagen fredag slutta i plenum med fylkesmann Knut Storberget i samtale med 14 år gamle Penelope Lea. Det vart ei sterk stund. Hennar hovudtese er «Bærekraft, jeg elsker det ordet – så da må jeg gjøre noe ... nå». Denne samtalen er lagt ut på sosiale media, verdt å sjå. Eg låner Greta Tunberg sine ord til avslutting «If you are looking for hope – then look for action ».


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags