Smått, dårleg, dyrt og svakt!

Av
DEL

lesarinnlegg 

Smått, dårleg, dyrt og svakt! er dommen Høgre gjev tingrettar og jordskifterettar i Norge! Snakk om nedsnakking av ein domstol som jobbar på, i by og land. Høgre sin justispolitiske talsperson, Peter Frølich, uttaler seg i Nationen 10. april. Han meiner at det er kunstig mange domstolar og samanliknar oss med Danmark. Der har dei redusert sine 84 tingretter til 24. I Norge har vi i dag 63 tingretter og 34 jordskifteretter.

Da må eg minne om at Danmark er eit forholdsvis lite land! Oppland og Hedmark, som er tvangssamanslått, er større enn Danmark! Skal nå Høgre og regjeringa legge til rette for at Tingretten og jordskifteretten også skal tvangssamanslåast? Kva er det med denne regjeringa som ikkje ser nytten av lokal kunnskap og kjennskap, som ikkje ser geografien og belastninga lange avstandar vil få for innbyggarane? Fakta er at fleire i Danmark, som Høgre gjerne samanliknar oss med, no ser at sentraliseringa har gått for langt og diskuterer tiltak for å rette opp sine feilgrep.

Det er regjeringa sjølve som har sett ned Domstolkommisjonen. Den har ikkje distriktsrepresentantar og berre ein frå jordskifteretten og mandatet legg opp til sentralisering. Når utgangspunktet er at det er for smått, dårleg, dyrt og svakt i dag, skjønar vi kva veg dette går.

Det er ikkje dokumentert at småe domstolar gjer ein dårlegare jobb, er mindre effektive eller har dårlegare kvalitet enn store domstolar. Vi ser at mindre domstolar ikkje får oppgradert sine lokale eller teknisk utstyr. Dei blir ikkje digitalisert på lik line med store domstolar, og blir i neste omgang møtt med at dei må leggast ned fordi dei har sakka akterut i utvikling!

Dette handlar like mykje om politikk som det handlar om faglege anbefalingar. Frølich peiker på at kommisjonen, etter eige ynskje, står fritt og utan føringar til å teikne ein struktur dei sjølve trur er hensiktsmessig. Det viser berre at dette er eit politisk ynskje frå Høgre om å sentralisere utan å køyre demokratiske prosessar om ei så viktig sak! Det er klare signal om at det frå sentraliseringskorpset er ynskje om ein kraftig reduksjon i talet på tingrettar og at jordskifterettar skal inn under dei.

Da blir det ikkje "teke omsyn til reisetid, nærleik og så vidare", som Frølich seier. Da blir det ein fjerndomstol utan lokal kunnskap og kjennskap og nok eit offentleg kontor som mange må reise langt for å nå! Det blir ikkje eit tenesteområde nær folk om sentraliseringskorpset får halde fram!

Aud Hove, fylkesvaraordførar i Oppland (Sp)

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags