Flytt minnesteinen ved Ringebu stavkyrkje

LEDIG PLASS: Bildet viser plassen inn for hovedporten ved Ringebu kyrkje.

LEDIG PLASS: Bildet viser plassen inn for hovedporten ved Ringebu kyrkje. Foto:

Av
DEL

Leserinnlegg 

Den oppsette minnesteinen over falne i Ringebu står nå i utkanten av den nye gravplassen ved stavkyrkja i Ringebu.

Det har vore stor aktivitet på Facebook den siste tida om flyttinga av minnesteinen for dei falne i Ringebu, frå ungdomskulen – der tidlegare ordførar Birger Sæter ivra for at den skulle stå så alle elevane kunne få vere med og bli minna om kor viktig det er å ta var på freden og demokratiet vårt.

Kvar vår kom det representanter for Heimevernet og Forsvaret til minnestunda ved minnesteinen på plassen ved ungdomskulen. Vi var nokre frå bygda som også fekk med oss denne fine markeringa av at Norge fekk freden tilbake i 1945.

Det var gjerne ei kort eller lang tale og song og musikk. Markeringa hadde starta på Dombås der Gudbrandsdal Forsvarsforening hadde ansvaret heilt fram til 2017.

Ungdomskulen var den nest siste samlinga. Så køyrde vi opp til Kyrkjegarden ved Venabygd kyrkje, for der er gravene til dei 5 britiske soldatane som miste livet i krigshendingane. Då dette minnesamværet var avslutta, vart vi som vanleg bedne inn i kyrkjestugua til mat og prat og song og historier. Like hyggjeleg kvart år.

Men åra gjekk og det viste seg at ei samlingsstund med elevane vart vanskeleg å få til på ungdomskulen, og voleyballbana trong plassen. Det er slikt som hender, men at steinen skulle ende så langt "borte" at folk har vanskar med å finne den att, er uheldig.

Birger Sæther var så opptatt av at steinen skulle vere med i tanken og i minnet hos oss alle; unge som gamle. Men det er ikkje for seint å finne ein meir sentral plass, slik eg ser det.

Eg legg ved eit bilde av den opne plassen inn for inngangsporten til stavkyrkja. Her er det rom for både songarar og musikantar, talar og bygdefolk elles.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags