Vi treng profesjonelle frivillige!

-  Redningsetatane skal vere profesjonelle, men vi treng også profesjonelle frivillige, skriv Aud Hove og Robert Mood.

- Redningsetatane skal vere profesjonelle, men vi treng også profesjonelle frivillige, skriv Aud Hove og Robert Mood. Foto:

Av
DEL

debatt 

Alarmen går! Eit skred har gått og ei skuleklasse på 16 ungdommar er sakna! Minutta er dyre og ein redningsaksjon blir starta. Politiet har kommandoen og det lokale mannskapet frå Røde Kors er raskt på tur innover mot skredområdet som ligg forholdsvis ulendt til og det er mykje laussnø i området.

Dette var heldigvis ei øving, men alvoret kan fort komme. I Oppland legg Røde Kors ned utallige dugnadstimar for å få inntekter, forskjellige oppgåver og for å øve til oppdrag dei ikkje veit skal komme. Helga den 9. – 11. februar hadde Oppland Røde Kors øving i Gausdal vestfjell med søk og redning i vinterfjellet nettopp for å trene på desse oppdraga.

For å bli betre må ein øve. Vi, som samfunn, er avhengige av frivillige som brukar av fritida si til å øve. Øve for at tida frå varselet om ein situasjon har kome inn til dei er ute og reddar skal vere minst mogleg. Oppland fylkeskommune har støtta Oppland Røde Kors med kr 300.000 for nettopp dette. Redningsetatane skal vere profesjonelle, men vi treng også profesjonelle frivillige. Røde Kors er den største beredskapsorganisasjonen i landet, men myndigheitene har det overordna ansvaret. For å sørge for å styrke den lokalberedskapsevna som er så avgjerande i krisesituasjonar, må alle ledd forstå rolla si, utvikle kompetansen og vi må vere best mogleg organisert.

Vi er i ferd med å få eit våtare og villare vær som også skapar meir utfordrande situasjonar både for fastbuande og besøkande. Vi vil at fleire skal få oppleve den fantastiske naturen vi har i Oppland og Norge. Vi ynskjer at den som vil skal kunne oppleve dei dyrebare skattane vi har. Samtidig ynskjer vi at alle skal føle seg trygge på å få den hjelpa dei treng når dei treng den.

Gode vilkår for frivilligheita, den tredje sektor, er avgjerande for å få til dette. Dei er eit stort supplement til dei offentlege velferdstenestene vi har, skapar sosiale møteplassar og har ei stor betydning når det gjeld redning og beredskap. Dei har ikkje profitt som hovudmål og kva samfunnsmessige ringverknader den tredje sektor har er vanskeleg å måle i pengar.

Den lokale kunnskapen og kjennskapen det lokale Røde Kors har kan vere avgjerande for om ein redningsaksjon reddar liv eller ikkje. Dette krev eit tett samarbeid med politi, ambulanse og brann også. Den tredje sektor skal vere eit supplement og skal aldri erstatte blåljos-etatane. Derfor må det leggjast til rette for tett samarbeid, kunnskapsutveksling og øvingar der alle dei tre sektorane trenar på akutte hendingar og kriser som kan oppstå. Det må vere klare kommandoliner som gjer at kvar enkelt er trygge på sine roller.

Lokalkunnskap- og kjennskap er like viktig på sjøen og i byen som i ville fjellet. Samtidig skapar strukturelle endringar i samfunnet nye sårbarheit og nye utfordringar. Røde Kors, og alle dei andre frivillige aktørane, blir nok enda viktigare i åra som kjem. Felles innsats for å sikre at vi er robuste nok når flaumen, brannen, skredet eller det vi ikkje hadde tenkt på utfordrar lokalsamfunna våre.

Verdigrunnlaget til Røde Kors og den tredje sektoren er ein del av verdigrunnlaget til samfunnet vårt og vil vere det i framtida. Dersom desse blir utarma eller misbrukt, vil vi få eit samfunn der den enkelte må passe på seg sjølv og berre den sterkaste og heldigaste vil klare seg.

Røde Kors er no inne i eit arbeid der dei skal forme arbeidet sitt for framtida. Verdiar, humanitet og menneske står i sentrum. Oppland fylkeskommune og Røde Kors ynskjer å supplere og forsterke dei sektorane som skal sikre meg og deg om alarmen går. Det private, det offentlege og den tredje sektor må samarbeide og utfylle kvarandre for å møte framtida på ein god måte.

Les også: Vinterøvelse med stri vind og mye snø for hjelpekorpsene

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags