Raudt og eigedomsskatt

Av
DEL

leserinnlegg

Raudt er for eigedomsskatt. Ikkje fordi vi meiner eigedomsskatt er ei fantastisk løysing, men fordi vi innser at kommunane treng fleire inntektskjelder. I dag er kommunane kraftig underfinansierte og eigedomsskatt blir ein av få måtar som kommunane kan skaffe seg midlar til drift av generelle velferdstenester.

Noko av det viktigaste med eigedomsskatten er nettopp den lokale sjølvråderetten. Ikkje berre avgjer eit kommunestyre kva pengane skal gå til, men kommunestyret avgjer også korleis pengane skal skaffast. No når budsjettet snart skal vedtakast i Lillehammer vil Raudt kome med våre krav til eigedomsskatten.

Eigedomsskatten må gå til å dekkje reelle tenesteoppgåver i kommunen eller kanaliserast inn i oppgåver som kommunen har forsømt. Raudt meiner at ein større del av eigedomsskatten i Lillehammer burde gått til helse- og omsorgssektoren og til skule.

Vi vil endre botnfrådraget. Raudt Lillehammer vil auke botnfrådraget frå 500.000 kr til 1 million kroner. På den måten kan vi innføre ein litt meir sosial profil i skatteutjamninga og det vil løne seg å bu billigare.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags