Håplaust av Håpnes!

Av
DEL

lesarinnlegg

Fagleiar i Naturvernforbundet Arnodd Håpnes, kjem i Nationen 1. juni med påstandar om at målet nå er å skyte mest mogleg rovdyr, og at jervejakta har blitt meir unormal. Ein kan jo lure på kva Håpnes meiner med dette.

Det er tydeleg at han enda ikkje har forstått Stortingets vedtak om eit bestandsmål for dei fire store rovdyra i Norge, og at det er etablert ei rovdyrforvaltning som skal sørge for at desse rovdyrartane skal regulerast gjennom lisensjakt etter vedtekne kvotar. Denne kvotejakta vert i stor grad utført av friviljuge og som legg ned stor innsats for å utføre eit oppdrag på vegner av den norske stat. Det har siste åra vore utprøvd ulike tiltak for å sikre mest mogleg effektive uttak av kvotane. Særleg krevjande er uttak av jervekvoten. Det er sterke restriksjonar på korleis jakta skal utførast. Likevel så lykkast ein i enkelte område, særleg ved bruk av båsfelle og ljos på åte. Det er i stor grad godt organisert og kontrollert jakt som vert utført.

Når dei fire organisasjonane Håpnes er talsperson på vegner av vil skrote alle desse hjelpemidla som har vore prøvd ut nå, så er det lite seriøst. Dei peikar sjølve på at det er vanskeleg særleg med jakt i nord i mørketida, da er det heilt nødvendig å bruke ljos for å sørge for best mogleg forhold for skyttaren for å unngå skadeskyting.

Vi skal vera glade for at vi har jegerar som stiller opp og utfører jakta som staten har bedt om, og sørger for å ta ut lisenskvotane i løpet av lisensperioden. Dermed unngår ein jo også at SNO må gjennomføre hiuttak av jerv for å ta ut restkvoten som ikkje vart teke ut i lisensjakta. Dette burde også Håpnes og Naturvernforbundet sjå er ei betre løysing.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags