«Når er nok nok av ulveangrep?» var overskrifta på innspelet frå rovviltnemnda til statsråd Vidar Helgesen i Klima- og miljødepartementet som var sendt pr. e-post den 7. juni 2017.

Vi etterlyste leiarskap frå stat og regjering for å få situasjonen under kontroll på Hadeland og for nye angrep andre stadar i Oppland. Vi bad også om at nå måtte dei vurdere meir aktiv bruk av hund, plott-hund, for å ta ut skadedyr, noko dei gav klarsignal om i etterkant.

Fylkestinget vedtok den 15. juni to uttalar om ulv der fylkestinget ynskjer ei sterkare regional rovviltforvaltning basert på lokal kunnskap og erfaring og fylkestinget bad om ei avklaring på ansvaret for den siste attlevande bestanden av den opphavlege villreinstamma i Oppland opp mot ansvaret for ulvestamma.

Les også: Rovvilt, Stortinget og byråkratene

15. juni kom både Landbruks- og matminister Jon Georg Dale og Statsminister Erna Solberg til Gran for å møte beitenæringa. Da utfordra eg dei på at dei på departementsnivå må sjå heileheita og balansegangen mellom miljø-, landbruks- og villreinforvaltning! Det må vi som forvaltar og jobbar politisk på regionalt og lokalt nivå gjere. Denne balansegangen er no på tur til å bli skakk!

Dei siste vekene har vore prega av fortviling og frustrasjon for mange beitebrukarar i Oppland, og ikkje minst dei kommunale fellingslaga som jobbar under særs vanskeleg forhold. Rovviltnemnda, som har fått ansvaret for den regionale forvaltninga, kjenner seg makteslause når verkemidla vi rår over ikkje strekk til. Vi har også ei forvaltning som er basert på frivillig innsats. Det går ikkje over lengre tid

Når vi no får nye skadefellingsløyve i Gudbrandsdalen for ulv, må det også her brukast alle verkemiddel for å ta ut skadedyra før vi får nye dyretragediar.

Samordning og koordinering av innsats er avgjerande for å lykkast. Oppland ligg langt utanfor ulvesona, noko også Torbjørn Lange i departementet påpeikte når eg ytra bekymring for villreinen. Da må det også forvaltast deretter. Vi kan tole eit og anna streifdyret, men mønsteret no er at dei slår seg til i Oppland.

Derfor er vi spente på kva rovviltnemndene i ulvesona kjem til å vedta i fastsetting av kvote for lisensfelling av ulv måndag 26. juni og reaksjonar på vedtaka.

Vi må og skal ha ei forvaltning etter bestandsmål og for ulv er det no registrert pr. 1. juni 8,5 ynglingar medan Stortinget har vedteke 4–6. Den situasjonen vi er inne i no er eit resultat av den manglande forvaltninga som har vore i vinter, sjølv om bestandsmåla var nådde.

Les også: Statlig trenering truer villreinen

Presset som kjem i randsonene til ulvesona byrjar å bli ei stor belastning som vil ramme heile næringsgrunnlaget for beitenæringa, om vi ikkje får det under kontroll. Store delar av beitenæringa er borte i ulvesona på grunn av dei store tapa dei har hatt. Talet på sau teke av ulv har gått ned fordi folk har gjeve opp parallelt med at talet på ulvar har auka i ulvesona.

Denne situasjonen kan vi ikkje få i Oppland også. Vi er Norges største utmarksbeitefylke og beitet utgjer ein verdi på kr 140 millionar årleg. Det betyr noko! Nå er ulvesona dekka med revir og ulvane søkjer seg sjølvsagt til nye område, og dette kan bli ei stor utfordring for Oppland om ikkje ulvebestanden blir regulert.

Nå er ulvesona dekka med revir og ulvane søkjer seg sjølvsagt til nye område

Når er nok nok av ulveangrep? Og når er nok nok for å gjennomføre ei forvaltning som sikrar det Stortinget har bestemt? Vi har delt inn i rovdyrsoner og beiteprioriterte område og nå må dette sikrast gjennom ei sterkare regional rovviltforvaltning der nemndene får den tilliten og dei verkemidla som trengst for å forvalte.

Dei siste vekene har vore prega av fortviling og frustrasjon