Rovviltforvaltning er ikkje statisk

- Lisensjakt er ikkje tilstrekkeleg som tiltak for å regulere bestanden av jerv i utsette beiteområde, skriv Aud Hove.

- Lisensjakt er ikkje tilstrekkeleg som tiltak for å regulere bestanden av jerv i utsette beiteområde, skriv Aud Hove. Foto:

Av
DEL

Debatt 

9. januar 2018 var rovviltnemndene invitert til det årlege dialogmøtet med Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Det blir som ei oppsummering av året som har gått og det blir peikt på utfordringar framover og eventuelle nye tiltak eller høyringar.

Frå region 3, Oppland, si side, vart det peikt på spesielt to utfordringar vi har hatt og har i vår region; ulveangrepa over lang tid i sommar på Hadeland og Toten, og lisensfelling av jerv som går føre seg no utan resultat.

Aud Hove

leiar i rovviltnemnda region 3, Oppland

Den store belastninga som alle involverte i ulveangrepa i sommar har hatt kan ikkje kjøpast ut for pengar. Likevel er det bra at kompensasjonen for tap av inntekt og erstatning for tap no er betalt ut til dei det gjeld. Det er utbetalt kr 13,8 millionar som kompensasjon for utsett beiteslepp og diverse utgifter og kr 2,3 millionar til erstatning for direkte tap av sau. Vi presiserte at dette må sjåast på som eit eingongstilfelle, og tap må på alle måtar førebyggast for beitesesongane som kjem. Derfor er det bra at det no er sett i gang jakt på ulv for å regulere bestanden. Vi får håpe at vi slepp slike angrep av ulv på same måten vidare framover. Dersom dette kjem år for år vil det få dramatiske konsekvensar for beitenæringa, og kanskje også for villreinen vår om ulven kjem til deira område.

Klima- og miljøministeren påpeikte nok ein gong på dialogmøtet at ein må legge til rette for planlagt tidlegsanking for å dempe konfliktnivået mellom rovdyr og beitedyr. og for å førebygge tap. Dette er ikkje rovviltnemnda einige i at er den beste løysinga. Beiteretten skal ikkje fråvikast. Derimot er akutt nedsanking eit tiltak som må kunne brukast dersom det i beitesesong viser seg at det er store rovdyrskadar i eit beiteområde.

Vi er no midt inne i lisensfellingsperioden for jerv. Så langt er det berre ein jerv av ei kvote på tolv som er felt. Dette uroar både beitenæringa og rovviltnemnda. Lisensfellingsperioden er fram til 15. februar. Sjølv om det erfaringsmessig er i siste del av fellingsperioden jerven blir teken, kan vi ikkje vere sikre på at det skjer.

Rovviltnemnda meiner at skal ein sikre den tosidige målsettinga, må ein også sikre at beitenæringa får nytta sine beiteområde. Det er nesten umogleg med skadefelling om sommaren. Derfor må ein vurdere å setje inn målretta skadefelling med dei hjelpemidla ein kan om vinteren i dei områda tapa har vore store også før lisensfellingsperioden er over.

Her må ein sjå på nye måtar å løyse dette på. Det kan til dømes vere eit tettare samarbeid med SNO, bruk av snøskuter for å komme lenger inn i fjellet, eller bruk av hund for å spore opp jerven. Ordinær lisensfelling kan dekkje resten av regionen med normaltap så langt det går. Ved å gå inn med målretta tiltak kan ein også kanskje unngå hiuttak om våren, som er eit veldig kontroversielt tiltak. 

Rovviltforvaltninga er på ingen måte statisk, og vi må heile tida vere opne for å tenkje nye og betre måtar å løyse utfordringane våre på. Det må visast politisk vilje til å lempe på forskrifter og reglar, og sjå på nye lovformuleringar for å få eit smidigare og meir effektivt forvaltningsrom slik at ein i område med store tap i beitesesongen kan gå inn med målretta uttak om vinteren med sporsnø. Dette for å sikre det tosidige målet om å nå bestandsmåla og dempe konfliktnivået og belastningane som fylgjer med store tap til rovdyr.

Les også: Jerven kan vente på SNO

Les også: Sterke reaksjoner på avslag om skadefelling av jerv

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags