Sau- og gråbeinmafiaen

-  I 1977 var det 1,36 % tap av dyr, i 2002 da rovdyra kom attende for fullt, var det 10,7 % tap.

- I 1977 var det 1,36 % tap av dyr, i 2002 da rovdyra kom attende for fullt, var det 10,7 % tap.

Av
DEL

leserinnlegg 

Årsak uttrykket, men når ordet gråbein eller ulvemafiaen er oppfunne, tillèt eg meg å nemne motparten med tilsvarande. Konfliktkjøtt er også for meg eit nytt omgrep, men vi har nok mykje å lære av herrane Tony V Aandahl og Knut E Mehren, som båe nyleg har hatt innlegg i GD om sau og rovdyr.

Eg måtte berre gripe pennen fatt, og tipse Aandahl om at gjetarjobben i beitelaget vårt kanskje blir ledig til sommaren, dessverre. Tenk om vi kunne fått ein søkjar som Aandahl, som sikkert både kunne sett etter og passa på sauen vår! I Ramshytta gjetarlag er det dokumentert gjeting sidan 1850, gjetarane har vore dyktige og gått opptil fleire mil om dagen. I 1977 var det 1,36 % tap av dyr, i 2002 da rovdyra kom attende for fullt, var det 10,7 % tap. Gjetaren eller eigarane som går tilsynsrundar, var ikkje akkurat der jerven var om natta eller tidleg morgon. Da måtte dei sove, eller vera ute på jordet for å berge vinterfôr til dyra t.d.

Det må dokumenterast at sau er teke av rovdyr. Da må det til folk som er raske til beins, skal dei kome fram til kadaveret før ramnen har frukost. Men det er sikkert både Aandahl og Mehren, da eg går utifrå at dei følgjer dei nye kosthaldsråda og et lite konfliktkjøtt. Men ha i minne, at det også hender at friske folk, brått dør eller omkjems i ulykker trass i alle som passar på oss!

Eg kunne svært gjerne tenkt meg å be dei to herrane på middag ein dag. Menyen ville da sjølvsagt bestå i ein god rasjon graslauk, gulrot, potet og rips til dessert. Så fer dei heller unne seg ein kjukling på heimturen, fora på soya frå Brasil, eventuelt biff frå Botswana. Eller kanskje dei dyrkar avokado i verandakassa.

Eg trur både sauen, gjestane og eg ville fått ei triveleg og lærerik stund!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags