"Statsråden kan ikkje komme med uklare beskjedar om at ein skal genteste ulven før skadefelling"

Test:  - Statsråden veit at skadefellingsløyve må gjevast raskt, skriv Aud Hove. Nå vil statsråden helst genteste ulven før felling ...

Test: - Statsråden veit at skadefellingsløyve må gjevast raskt, skriv Aud Hove. Nå vil statsråden helst genteste ulven før felling ...

Av
DEL

Debatt 

Med fjorårets beitesommar friskt i minne, er vi spente på korleis beitesesongen 2018 kjem til å bli. Rovviltnemnda, fylkesmannen, kommunane, fellingslaga og ikkje minst beitenæringa har brukt vinteren til å førebu seg på det verst tenkjelege; ulveangrep.

Det har vore evaluert det som hende på Hadeland og Toten, det har vore beredskapsseminar for kommunane, det har vore beredskapskurs i skadefelling og vi har vedteke skadefellingskvote og drøfta korleis vi best kan møte slike situasjonar. Det er mange ulike aktørar som på ein eller annan måte er involverte i slike situasjonar. Mattilsynet og SNO har sine roller og oppgåver og faglag, beitelag, kommunale jaktlag er viktige samarbeidspartnarar i desse situasjonane. Det er mange som legg ned mykje arbeid for at vi ikkje skal få ein ny beitesesong med store tap.

Aud Hove

Leiar rovviltnemnda region 3, Oppland

Kva gjer Klima- og miljøverndepartementet? Jau, dei sender ut eit brev med beskjed om at vi ikkje skal setje i gang skadefelling av ulv før vi har hatt eit rimeleg forsøk på å avdekke genetisk status på ulven før vi gjev fellingsløyve! Og dette skal gjerast når vi ikkje har hatt så mykje ulv som no på mange tiår og etter dei erfaringane vi har gjort oss kring skadeomfang dei siste åra!

Stortinget har bestemt soner og vi må forhalde oss til bestandsmåla som er sette. Når vi da får kopi av brev frå Klima- og miljødepartementet datert 24. april 2018 til Miljødirektoratet der det står «så langt det er mulig avklare individenes genetiske status i forkant av fellingsforsøk», lurar vi på korleis dette skal kunne gjerast i praksis. Departementet erkjenner at ein av omsyn til beitenæringa og avverging av moglege framtidige skader, må etablere høg beredskap for å ta ut ulv og at det skal vere låg terskel for å tillate felling i forkant av beitesesongen. Likevel blir det presisert at her skal genetisk viktige ulvar, sjølv om dei gjer skade, ikkje fellast.

Når ulveangrepa kjem, kan ein ikkje vente på ei avklaring av genetisk status før ein gjev skadefellingsløyve. Vi veit, og statsråden veit, at ein ulv kan gjere stor skade berre på eit døgn. Vi veit, og statsråden veit, at ei skadefellingsløyve må gjevast raskt og at skadefelling av ulv på barmark er særs utfordrande.

Kva da om det er ein såkalla genetisk verdifull ulv, som slår seg til utanfor ulvesona i eit beiteområde? Korleis skal vi gripe an det? Skal ulven da fredast og få halde fram med angrepa? Det står det ikkje noko om i brevet frå Departementet.

Som leiar av rovviltnemnda i region 3, Oppland, som ligg utanfor ulvesona og i beiteprioritert område, er eg bekymra for korleis dette kan utvikle seg denne sommaren. Mykje av utfordringa er jo at vi ikkje veit kvar eit angrep kan komme, og allereie no ser vi at det aukar på med dokumenterte observasjonar av ulv over heile Oppland. Dei fyrste dokumenterte skadane har kome inn og det er gjeve skadefellingsløyve både i Akershus og i Hedmark nær opp til grensa til Oppland. Søndag 27. mai vart det sett i gang skadefelling på Hadeland med bakgrunn i 3 påviste skadar i Jevnaker.

Vi forventar at Klima- og miljødepartementet, med Ola Elvestuen (V) i spissen, no fylgjer opp og forheld seg til det bestandsmålet som er sette og dei sonene som er bestemt. Da kan ikkje statsråden komme med uklare beskjedar om at ein skal genteste ulven før ein set i gang skadefelling. Det gjev ikkje noko meining i det arbeidet vi er sette til å gjere. Dersom ein skadesituasjon oppstår, kan vi ikkje vente eit par veker på svaret på DNA-testen, slik dei måtte i Tynset tidlegare i vår! Da må vi handle!

Les også: Høyere beredskap, men mest for ulvens skyld ...

Les også: Høy beredskap i beitesesongen

Les også: Elvestuens første spor

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags