Trist polarisering av rovdyrdebatten

Av
DEL

leserinnlegg


Den polariserte rovdyrdebatten treng at vi kjem oss vidare. GD har no i to leiarartiklar brukt harde ord og usaklige utfall i staden. Det er berre trist, la oss heller forsøke å skape sakleg debatt.

Dette har skjedd: WWF Verdens naturfond har foreslått å legge ned dei regionale rovviltnemndene.

Nemndene fungerer etter vår meining dårleg. Dei er eit slags kvasi-byråkrati, der regionale politikarar – utnemnd av regjeringa – skal forvalte nasjonal politikk. Vi meiner at dette ikkje lenger er ei god løysing av to årsakar. Ein: Nemndene fekk sterk fagleg kritikk då dei vart evaluerte i 2016 – for å fungere meir som ein interesseorganisasjon mot rovdyr enn eit balansert forvaltningsorgan. Og to: Nemndene er ikkje særleg representative. Det tydelegaste dømet på det er at Sp har 5 av 8 nemnd-leiarar.

Det var eit sakleg grunngitt forslag vi kom med, og som vi forventa sakleg debatt om. Men på leiarplass i GD blei vi straks skulda for å angripe folkestyret og for å drive med diskreditering av motstandarar i rovdyrdebatten. Vi svara – nok ein gong med argument basert på etterprovbare fakta.  GD valde å kontre med ein ny leiar, kor eg mellom anna blir skulda for å ignorere Stortinget.

Dette faller på sin eigen absurditet. WWF har gjort det motsette av å ignorere folkestyret, vi har brukt vår demokratiske rett til å fremje eit anna syn. Vi går god for alle folkevalde organ, og respekterer alle vedtak. Men for ordens skuld og med tanke på presisjonsnivået i debatten: Rovviltnemndene er ikkje valt av folket, dei er eit forvaltningsorgan.

GD er ei god og viktig lokalavis. Folk må difor kunne forvente betre enn dette. Ein kritisk artikkel om vårt forslag, der ein gjekk gjennom evalueringa frå 2016 og sjekka våre tal, kanskje? Eller til og med ein grundig gjennomgang av nemndene sine vedtak? Det ville i så fall vore eit særs viktig bidrag til det demokratiet GD held fana så høgt for. Det lågmålet vi no er på, er berre trist.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags