Vakttelefon rovvilt

Av
DEL

lesarinnlegg
Det stod i GD 22. mai at Fylkesmannen i Oppland har hatt døgnopen vakttelefon om ulv og bjørn går til angrep på saueflokken i beitesesongen. Dette stemmer ikkje, og er ei feilsitering av meg! Det har også vore skrivi litt om saka i fleire medier og derfor blir det skapt eit feil bilde av det som no er ny ordning.

I Oppland har vi hatt vakttelefon mellom kl 08.00 – 22.00, men frå og med denne beitesesongen og med eit nytt fylkesmannsembete blir denne ordninga kutta ned med ein time på kvelden. Vakttelefonen blir da mellom kl 08.00 og 21.00 i perioden 15. mai – 15. september alle dagar. Samtidig er det presisert at dersom det blir situasjonar som krev høgare beredskap vil ein utvide dette. Sjølvsagt må ein det!

I tillegg blir det vidareført den ordninga vi har hatt i Oppland med varslingsliste for SMS når det blir gjeve fellingsløyve på freda rovvilt og når rovviltet som gjer skade er felt. Det blir også varsla med SMS til beitelag og kommuner ved sikre observasjonar av ulv eller dei fyrste dokumenterte skader av ulv i beiteprioriterte område, men ikkje for dei andre store rovdyra som er bjørn, jerv og gaupe.

Det som er nytt for Oppland sin del, er e-post kvar veke til kommunar, organisasjonar og andre relevante partar med informasjon om hendingar i veka som har gått.

Rovviltnemnda har støtta desse endringane, men er samtidig klare på at her må det justerast om det ikkje fungerer som det skal. Det vi også er spesielt merksame på, er at det kanskje bør varslast på observasjon av bjørn som på ulv. Dette fordi eit angrep av bjørn på sau ofte er omfattande, og fordi vi heller ikkje har eit forvaltningsansvar for bjørn, slik som med ulv.

Vi skjønar at alt som blir oppfatta som nedskjering av tiltak kan skape uro, men vil poengtere at dette må gå seg til og tiltak vil bli satt inn og justert på om ein ser at det er bruk for det.


Hove Aud

Fylkesordførarkand. (Sp) Hedmark og Oppland

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags