Svar frå Ivar Odnes

Av
DEL

Leserinnlegg
Takk til Jørgen Lollike som spør meg om Senterpartiet har tenkt å sleppe ulven inn i fårefolden etter valget, eller som han vel meiner, om Sp har tenkt å samarbeide med MDG.

Det kan eg svare eit ubetinga nei på. Senterpartiet har eit klart standpunkt i rovviltforvaltninga som MDG ikkje akkurat har støtta.

For Senterpartiet så handlar det om at vi vil ha ei forvaltning av rovvilt i Norge som tek omsyn til at vi skal ha ein aktiv beitebruk i Norge.

Det betyr at vi må forvalte rovdyr ned på bestandsmål og at det i beiteprioriterte områder skal det iverksetjast uttak av rovvilt som gjer skade eller utgjer eit skadepotensiale på beitedyr, så raskt og effektivt som mogleg.

Dagens regjering har gjort dette verre med måten klimaministar Vidar Helgesen har agert på i behandling av ulvesaken i vinter. 

At beitenæringa vår i Oppland nok ein gong skal måtte oppleve store tap og skader pga ulv som ikkje skal vera her, må nå regjeringa ved statsministaren ta ansvar for.

Vi må berre konstatere at det ikkje vorte felt ein einast ulv sjølv etter at statsministaren dala ned frå himmelen på Hadeland i sitt helikopter tidlegare i sommar. Og dei endringane som regjeringa har kome i etterkant har heller ikkje bidrege til at ulven er teke ut. 

Senterpartiet går til valg for å skifte ut dagens regjering  med ei regjering som er basert på Senterpartiet og Arbeidarpartiet, men fyrst og fremst går vi til valg på vårt eige program der ei aktiv rovviltforvaltning står sentralt.

Difor kan Lollike og andre trygt stemme Senterpartiet og vera sikre på at vi vil arbeide for at beitenæringa fortsatt skal ha levelege vilkår også i framtida!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags