Vesten støtta eit ulovleg kupp i Ukraina

SANKSJONAR: Ole Bjerke er kritisk til sanksjonar Vesten har satt i verk mot Krim og Russland. Biletet syner eit fint byggverk i sjeldan natur frå turen han nyleg deltok på.

SANKSJONAR: Ole Bjerke er kritisk til sanksjonar Vesten har satt i verk mot Krim og Russland. Biletet syner eit fint byggverk i sjeldan natur frå turen han nyleg deltok på. Foto:

Av
DEL

Leserinnlegg

Frå 30.09. - 06.10. 2018 var eg ein av ei gruppe på ni som var på Krim. Eg reiste saman med nokre venner og medlemmer av den vesle organisasjonen Folkediplomati Norge. Vi møtte fleire høgtståande politikarar som norske politikarar utan tvil ville ha godt av å samtale med. Ein av dei vi møtte, stilte dette spørsmålet: Kva vil skje visst ingen vil snakke med oss?

Krim verka absolutt til å vera eit fredeleg samfunn. Vi såg nesten ingen i militær uniform og svært få politifolk.

Den 18.-20. februar 2014 var det eit væpna kupp i Kiew som førte til at 77 demonstrantar og 27 politifolk vart drepne. President Janukovitsj, som var valt på lovleg vis, flykta for å berge livet. President Obama innrømma i eit intervju med CNN 1. februar 2015 at USA var direkte involvert i statskuppet i Kiew 21. og 22. februar 2014. Eg kan nemne at det var planlagt val i Ukraina få månader seinare.

Det ulovlege kuppet førte til at det vart arrangert folkerøysting på Krim 16. mars 2014. 96,77 prosent stemde for at Krim skulle slå seg i lag med Russland. Frammøteprosenten var 83. Vesten erklærte folkerøystinga i strid med folkeretten og innførte sanksjonar mot Russland.

Mange ukrainarar har flykta etter at Krim vart ein del av Russland, mens mange russarar har flytta dit. Dette blir likevel heilt bagatellmessig i forhold til det som skjedde i Kosovo siste halvåret 1999 – noko media våre har omtalt så lite at dei fleste også veit lite. Fyrste halvåret var enda verre. Da hadde vi NATO-bombinga frå 24. mars til 10. juni utan FN-mandat. Den fyrste månaden bomba NATO også i strid med sin eigen traktat.

Ved folkerøystinga i 1905 frigjorde Norge seg ifrå Sverige. 279.735 røysta for, 121 mot. Grunnen til at det gjekk så bra for oss, var at ingen utanforståande land blanda seg inn. Verdssituasjonen er annleis i dag og slett ikkje betre. Sanksjonane er nok styrde av ønskjedraumen til USA og NATO om å erstatte marinebasen til Russland i Sevastopol med ein eigen marinebase.

Verknadane av sanksjonane: Sanksjonane fører til så godt som ingen kommunikasjon. Dermed blir motsetningane styrka og faren for krig større. Berre dei på Krim som har ukrainsk pass, får koma til vestlege land. Brevveksling er ikkje tillatt.

Ukraina har endra løpet på ein stor, vassrik kanal slik at Krim ikkje lenger får vatn frå den. Det har ført til at mange gardar nord på Krim har vorte nedlagde. Sanksjonane verkar positivt på sjølvutviklinga. I det siste har det vorte bygt mange fleire vatningsdammar.

Straumføringa fra Ukraina til Krim er kutta. Derfor er det i det siste bygt fleire store kraftverk. Drivstoffet er i hovudsak gass frå Russland.

Brua frå Russland til heilt aust på Krim var planlagt ferdig i desember i år, men vegbrua vart ferdig i mai. Brua er vel 19 km lang. Den parallelle jernbanebrua vil bli ferdig neste år. Dette året har det kome meir enn 6 millionar turistar til Krim. Vel 5 millionar av desse har kome over den nye brua.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags