Kor kjem ulven frå?

Ulv/villrein: «Situasjonen er grotesk.»? Foto: Per Løchen/SCANPIX .

Ulv/villrein: «Situasjonen er grotesk.»? Foto: Per Løchen/SCANPIX . Foto:

Av

Eg er samd i alt GD skriv i leiaren «Så sviktes beitenæringa, igjen» 7. juni, med eitt lite atterhald.

DEL

Lokale nyheter – 5 kr for 5 uker

leserinnlegg 

GD skriv: «Mens kommunale fellingslag forsøker å felle ulv, jakter myndighetene DNA-materiale for å kunne fastslå ulvens opprinnelse. ... For områder som rammes, er opprinnelsen det minst interessante.»

Mens fellingslaga jaktar er nok opphavet av mindre interesse. Er emnet «ulv i Noreg», blir det annleis. Dei ulvevenlege gjentek at «Bernkonvensjonen om vern av ville europeiske planter og dyr og deres naturlige leveområder» pålegg Noreg å ha ulv. I stortingsmeldinga Ulv i Noreg blir det slege fast utan drøfting. Ja, meldinga bruker jamvel Rasmus Hansson-uttrykket «kritisk truet dyreart». Miljødirektoratet skriv på si nettside at «Bernkonvensjonen ... forplikter Norge til å ta vare på vår del av ulvebestanden.» Men så enkelt er det ikkje.

«Norsk ulv» er eit upresist omgrep. Ein må skilje Sør- og Nord-Noreg. Troms og Finnmark er stutt frå Finland og Russland. Ulv har det alltid vore i desse områda. Den tilhøyrer ein stor – truleg minst to hundre tusen – og slett ikkje truga ulvebestand. I Sør-Noreg var det ein stadeigen ulvebestand, men den blei sannsynlegvis utrydda på attenhundretalet.

Dersom det dokumenterast genetisk at ulven i Sør-Skandinavia i vår tid er etterkomar av ulven i Sør-Skandinavia på attenhundretalet (og at ulven berre gjekk under jorda og ikkje synte seg att før på Vegårshei i 1983); dersom dét dokumenterast – då har me eit forvaltaransvar på line med det me har for jerv, gaupe og bjørn. Men dersom ulven i sør-Noreg i dag ikkje har slikt opphav, men er komen hit på anna vis – då har me ikkje forvaltaransvar etter Bernkonvensjonen. Då bør ulven ikkje re-introduserast, men fjernast frå sørnorsk natur.

Det er difor i punkt 5 i Stortinget sitt Ulveforlik er viktig: «Regjeringa bes om å bestille en uavhengig utredning av den genetiske opprinnelsen til ulvestammen i Norge.»

Då minister Helgesen presenterte Ulvemeldinga i Dagsrevyen sa han «Jeg vil ha ulv! Regjeringen vil ha ulv!» Ved den uverdige treneringa av lisensjakta rovviltnemndene vedtok i samsvar med Ulveforliket hindra statsråden lisensjakta. No, utan sporsnø, er skadefelling ei umogleg oppgåve. Likevel avslår sentralmakta søknad om bruk av hund i jakta, som om dei ynskjer at det skal vera umogleg å felle skadeulvane som drep for fote i saueflokkane på Hadeland. Eg tek meg i å tenkje at ein like gjerne kan innføre krav om at ulv skal jaktast med muskedunder, munnladning, svartkrut og heimestøypte kuler.

Noreg har særskild forvaltaransvar for den raudlista villreinen. Sentralmakta avslår likevel å gje skadefellingsløyve når ulvane herjar i kalvingsområda, ja påstår at reinen har godt av det.

Les også: Krever statlig uttak av ulv i kalvingsområdene

Situasjonen er grotesk. Det er mest så ein lurar på om ein gjorde rett då ein som medlem av Rovviltnemnda, i hop med andre medlemer av nemndene i Hedmark og Oppland, tok opp att vervet etter at Stortinget sette Helgesen på plass.

Les også: Rovvilt, Stortinget og byråkratene

Les også: Statlig trenering truer villreinen

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags