Vår energi og våre interesser

-  Vår energi og våre interesser bør vi ha full kontroll over, og det bør ikkje vere tvil i spørsmål knytt til det, skriv Marit Knutsdatter Strand.

- Vår energi og våre interesser bør vi ha full kontroll over, og det bør ikkje vere tvil i spørsmål knytt til det, skriv Marit Knutsdatter Strand. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

DebattRegjeringa ynskjer større einingar koste kva det koste det vil, også utover våre landegrenser. ACER, RME og EU er tre forkortingar som gir grunn til å spisse øyra. Det er krevjande stoff, og ikkje enkelt å forstå konsekvensane. Vår energi og våre interesser bør vi ha full kontroll over, og det bør ikkje vere tvil i spørsmål knytt til det. No ynskjer regjeringa å flagge ut kontrollen på noko av det mest verdifulle vi har: Rein, fornybar energi. Vår energi er vår ressurs, der våre interesser bør avgjere – ikkje dei overnasjonale.

Ingen av dei andre partia er like skeptiske som Senterpartiet. Norsk tilslutning til EU sitt energibyrå, ACER, med mål om å etablere og regulere eit felles straum- og gassnett i Europa, og EUs regelverk syner at det ikkje skal takast nasjonale omsyn. Regjeringa legg opp til ei handsaming vi meiner korkje tek omsyn til norske straumprisar eller Grunnlova sine føringar mot å avstå suverenitet.

Marit Knutsdatter Strand

Stortingsrepresentant (Sp) fra Oppland,

medlem av Utdannings- og Forskningskomiteen

Olje- og energiministeren skriv om harmonisert marknad og samarbeid i Europa. Vel og bra, men kva blir konsekvensen her heime? Korleis påverkar dette forbrukarane i Noreg? Blir straumen dyrare eller billigare? Sjølv Statsminister Solberg klarte å så tvil om dei juridiske konsekvensane i ein spørjetime i Stortinget i januar. Det er ikkje enkelt å vere borgar og meir opplyst enn statsministeren. Det verkar til å vere eit tynt grunnlag å fatte eit vedtak på. Stortinget har saka på sitt bord i desse dagar, men vi kjennar at også vi treng meir kunnskap før vi er trygge på kva dette kan føre til. Det er ugler i mosen.

ACER har myndigheit til å vedta og handheve vedtaka, som grip direkte inn i nasjonal kontroll over energien. ACER skal dessutan sjå til at EU sitt regelverk for elektrisitet- og gassmarknaden følgjast og blir implementert. Dette inneber at ACER, på visse område, kan fatte bindande vedtak der nasjonale reguleringsmyndigheiter er ueinige. Viktigast for Noreg, er ACER sin myndigheit knytt til grensekryssande overføring av elektrisk kraft. Dette gjelder fyrst og fremst der det er usemje statane imellom, knytt til utbygging av og tilgang til infrastruktur som er nødvendig for kjøp og sal av energi over landegrensene. Dette grip direkte inn i kva for mål, vedtak og utbyggingar Stortinget og Noreg kan gjere.

Regjeringa vil etablere ein ny Reguleringsmyndigheit for energi (RME), som skiljast ut frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). RME skal vere heilt uavhengig nasjonale myndigheiter. Det brukast same system som då vi gav frå oss suverenitet til EU sitt finanstilsyn: ACER eller EU-kommisjonen fattar sine vedtak og sendar dei til overvakingsorganet ESA. ESA fattar same vedtak og sender dette til RME, som også fattar same vedtak. RME blir ACER sitt verktøy i Noreg, heilt fritt for norsk politisk styring.

Det er ingen tvil om at sjølv om regjeringa juridisk meiner vi ikkje gir frå oss makt, vil det i praktisk forstand meine det. Sluttar vi oss til ACER, er det styret i dette overnasjonale energibyrået som vil få det siste ordet i reguleringa av norsk kraft – ikkje NVE, ikkje norske myndigheiter og ikkje Stortinget. Senterpartiet meiner det er hovudlaus styring å gi frå makt og myndigheit over reguleringa av norsk kraft.

Vår forsyning frå fornybar vasskraft er unik. Noreg er ein stor energieksportør. Senterpartiet meiner det er å si frå seg suverenitet når andre enn norske myndigheiter får makt til å avgjere reguleringa av denne – innanfor våre landegrenser. Senterpartiet meiner derfor at saka må handsamast i Stortinget etter Grunnlova § 115. Då vil det vere krav om tre fjerdedels fleirtal, i ein votering der minst to tredjedelar av medlemmane i Stortinget deltek. Regjeringa har lagt opp til handsaming etter Grunnlova § 26, som ikkje krev meir enn simpelt fleirtal. Slik kan Regjeringa hente det fleirtalet dei treng, og samtidig overføre makt og myndigheit over reguleringa av norsk kraft, til styret i EU sitt overnasjonale byrå, ACER.

Regjeringa ynskjer større einingar koste kva det koste det vil. ACER, RME og EU er tre forkortingar som gir grunn til å uroe seg. Det er krevjande stoff, men mogleg å forstå at konsekvensane er store. Vår energi og våre interesser bør vi ha full kontroll over, og det bør ikkje vere tvil i spørsmål knytt til det. Vi skal styre over vår energi i vårt land. Vår reine, fornybare energi er vår interesse og ressurs, der våre interesser bør avgjere – ikkje dei overnasjonale. Senterpartiet er klar til å kjempe for å gå mot ACER i Stortinget.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags