Skåbu vil framleis ha sine unike eigenskapar. Det gjeld å fortsette og nytte det potensialet som ligg i fjellbygda.

- Nord-Fron sit med landets fremste kompetanse på entreprenørskap i skulen. Ikkje berre dei seks elevane i Skåbu, men alle ungdomsskuleelevar i kommunen vil og skal få lik glede og nytte av denne kompetansa, skriv varaordførar Anne Sletten.

- Nord-Fron sit med landets fremste kompetanse på entreprenørskap i skulen. Ikkje berre dei seks elevane i Skåbu, men alle ungdomsskuleelevar i kommunen vil og skal få lik glede og nytte av denne kompetansa, skriv varaordførar Anne Sletten.

Av
DEL

leserinnlegg
Som folkevalde skal vi ta ansvarlege, levedyktige og framtidsretta vedtak. Denne veka har vi behandla budsjett i Nord-Fron, prioritert og tatt krevjande økonomiske vedtak.

Saker som ei eventuell nedlegging av ungdomstrinnet ved Skåbu Oppvekst vekkjer støtt engasjement. I denne saka fordi det dreier seg om ungdommane våre, om bygda, om nærleik, om identitet og om følelser. Og uansett kva som blir lagt ned i ei bygd, opplev vi det som eit tap. Den økonomiske realiteten er at vi ikkje lenger har råd til å drifte to ungdomsskular i Nord-Fron. Og vi har ikkje nok elevar til det heller. Vi skal ta ansvarlege avgjerder.

For meg dreier det seg akkurat i denne saka om ikkje berre god økonomi, men god samfunnsøkonomi. Avgjerder som skal vere dei beste for framtida vår, for ungane våre.

For det er dei som må stå i fokus i denne saka. Ikkje dei vaksne sitt ve og vel, ikkje bygdas ve og vel, men unganes ve og vel. Det er ingen som tviler på at det faglege ved ungdomsskulen i Skåbu er bra. Alle resultat viser at dei skårar svært bra fagleg.

Så er det slik at å vera ein lykkeleg, trygg ungdom handlar om mykje meir enn gode karakterar. Spør ein ungdom i dag om kva som er viktigast for dei: For dei aller, aller fleste vil vener kome svært høgt opp på lista. Og mange, forhåpentlegvis dei fleste, har gode vener og har det bra ved skulen i Skåbu. Men gir vi ALLE ungdommane i Skåbu moglegheita til den rikdommen venskap er?

Eg er skåbygging og har gått på skulen der i 9 år. Eg veit kva det vil seie å vere elev i eit lite skulemiljø. Sjølv om vi den gongen var fire gonger så mange elevar ved ungdomstrinnet enn det dei er nå. Eg veit kor godt det er å vere innanfor, og i den tida gløyme korleis det er å vere utanfor. For så å bli utanfor att og ikkje ha nokon andre å stø deg på – fordi det ikkje ER nokon andre der. Eg veit korleis det er ikkje å ha moglegheit til å velje vener- i ei så viktig brytningstid der interesser og behov nærast endrar seg frå dag til dag. INGEN fase i oppveksten er det vel viktigare å vere trygg i det sosiale miljøet, å kunne finne deg nokon andre å vere saman med når livet elles endrar seg.

Vi har indikasjonar på at det psykososiale skulemiljøet i Skåbu ikkje berre er roseraudt. Vi har klare vitnesbyrd gjennom konkrete handlingar frå foreldre og ungar som har tatt det uhyre tøffe valet å bryte ut av eit klassemiljø, av eit bygdemiljø, for å gi ungane sine ein betre skulekvardag. Desse historiene må ein ta på alvor. Vi veit at det psykososiale miljøet også andre stader, på andre skular er utfordrande. Men sjansen for å finne nokon ein klaffar med er monumentalt mindre på ein så liten skule. Sjansen for å bli den eine aleine – på utsida – er uhorveleg mykje større.

Og dette handlar ikkje om Skåbu. Om bygda. Om dei som bur der. Bygda og folket der er ikkje unike eller annleis enn andre. Det eg vil fram til er at dette handlar om ein dynamikk som oppstår når det blir for få å vende seg til, når miljøet blir så lite.

Skuletilbodet blir brukt som argument for at folk skal flytte til bygda. Og vi veit at det finst dei som har vektlagt mellom anna skuletilbodet når dei har vald å flytte til Skåbu. Men vi veit også at det er dei som har vald å ikkje flytte til Skåbu på grunn av skulen, og frykta for at det sosiale miljøet skulle bli for lite for deira barn. Bulyst heng saman med skuletilbodet. Ja. Og det kan vinklast også på denne måten.

Det er ikkje nødvendigvis slik at nedlegging av ungdomstrinnet fører til redusert vekst for Skåbu. Eg meiner også at å nytte vidareføring av ungdomsskulen som argument for å halde oppe næring, og omvendt, i denne samanhengen er eit sekundært argument. Skåbu vil framleis ha sine unike eigenskapar. Det gjeld å fortsette og nytte det potensialet som ligg i fjellbygda.

Skåbu Oppvekst er Noregs fyrste entreprenørskapsskule. Nord-Fron sit med landets fremste kompetanse på entreprenørskap i skulen. Ikkje berre dei seks elevane i Skåbu, men alle ungdomsskuleelevar i kommunen vil og skal få lik glede og nytte av denne kompetansen.

Vi skal ta ansvarlege vedtak, økonomisk og samfunnsøkonomisk. Eg meiner at eit vedtak om nedlegging av ungdomstrinnet i Skåbu, er ei framtidsretta og ansvarleg avgjerd. 

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags