Våre år ved skulen har rusta oss godt

-  Nokre har flytta attende, nokre flyttar til og vi andre håpar at bygda også i framtida kan få vera ein høgaktuell bustad med eit godt skuletilbod, skriv tidliegare elevar ved ungdomstrinnet i Skåbu.

- Nokre har flytta attende, nokre flyttar til og vi andre håpar at bygda også i framtida kan få vera ein høgaktuell bustad med eit godt skuletilbod, skriv tidliegare elevar ved ungdomstrinnet i Skåbu. Foto:

DEL

lesarinnlegg 

Som tidlegare elevar ved Skåbu oppvekst, er det med stor interesse at vi følgjer debatten kring ungdomstrinnet. I GD 29.11.18 ytrar ungdomsrådet at dei ikkje er i tvil om at nedlegging er beste løysinga. Hovudargumentet er det psykososiale miljøet. Dette grunngjes med at det er for små klasser, ein for stor overgang til vidaregåande og at det handlar om ungdomane. Sistnemnde er vi samde i; det handlar om ungdomane og deira rett til eit godt skulemiljø og fagleg tilbod. Premisset for argumentet er likevel at “få”=”dårleg”.

Vår erfaring samsvarar ikkje med dette. Vi opplever at våre år ved skulen har rusta oss godt med høg fagleg kompetanse frå dyktige lærarar og eit trygt sosialt miljø som har hatt og framleis har uvurderleg verdi for oss. Sitatet “Det kan bli vanskelig for elever fra så små miljøer å finne seg til rette på videregåande”, kjenner vi oss ikkje att i.

Vi lurar på kvar dei har belegg for ei slik generalisering? Da kan ein vel likegodt argumentere for å leggje ned alle landets grendeskular. 

Overgangen til ungdomsskulen synes ikkje mindre enn til vidaregåande. Er dette det neste på agendaen? Det blir argumentert med nedlegging for å gi ungdomane frå Skåbu eit betre tilbod, men er det dette som vert resultatet? Da skulen er liten har ein også god oversikt over tidlegare elevars vidare skulegang, slik at ein veit at få som har gått ved Skåbu oppvekst har falle frå, med alle dei positive ringverknader dette har for den enkelte og samfunnet i heilskap.

Ungdomsskulen er heller ikkje ein isolert utdanningsinstitusjon, men ein del av sjølve livsnerva i bygda. Nokre har flytta attende, nokre flyttar til og vi andre håpar at bygda også i framtida kan få vera ein høgaktuell bustad med eit godt skuletilbod.

Malin T. F. Dalsheim, Skåbu

Yngvild A. Lien, Oslo

Marius Baukhol, Vinstra

Pål Tore Brendløkken, Garmo

Ragnhild Ekre, Molde

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags