Brøyt veg til snøsikkert skieldorado på Sognefjellet!

BRØYTING: Vegen til store naturopplevingar: Ei opning av Sognefjellsvegen frå 1. april gjev folket tilgang til eit friluftseldorado.

BRØYTING: Vegen til store naturopplevingar: Ei opning av Sognefjellsvegen frå 1. april gjev folket tilgang til eit friluftseldorado. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Leserbrev
Sognefjellet kan bli tilgjengeleg for folk flest ein månad tidlegare enn i dag. Fleire enn oss som blir gira på tur?

Slik det er i dag, opnar Sognefjellsvegen tidlegast 1. mai. Kvifor? Fyrst og fremst fordi vegen har vore vurdert som skredfarleg i april. Næringslivet taper potensielle inntekter og folket mister tilgang til eit friluftseldorado.

Slik treng det ikkje lenger å vere. No viser nemleg ein fersk fagrapport at vegen like godt kan brøytast fram til Sognefjellshytta allereie 1. april.

Tenk berre på dette: Nasjonal turistveg Sognefjellet er Nord-Europas høgaste og sannsynlegvis mest imponerande fjellovergang. Den strekk seg frå Lom til Luster og er ein viktig innfallsport til Jotunheimen, Noregs mest besøkte nasjonalpark. Eit unikt, snøsikkert friluftsområde for både 2000-meterssamlarar, langrennsløparar og barnefamiliar. Berre så synd at det ikkje er tilgjengeleg for folk flest frå november til mai.

Åshild Myhre Amundsen, næringssjef i Lom kommune. Mari Arnøygard Wedum, dagleg leiar i Visit Jotunheimen.

Saka kan bli avgjort 21. november:

Det er Oppland fylkeskommune som avgjer når vegen skal brøytast. I 2014 og 2015 vart vegen opna til Krossbu i påska, men prøveordninga vart ikkje vidareført. No skal saka opp til ny behandling i fylkesutvalet den 21. november. I samband med dette, har sentrale næringsaktørar med støtte frå Lom kommune fått utarbeidd ein fagrapport frå Skred AS, eit uavhengig konsulentselskap med solid skredkompetanse. Oppdraget har vore å vurdere skredfaren fram til Sognefjellshytta i april, samt behovet for eventuelle sikringstiltak.

Ikkje meir vågalt å velje april:

Konklusjonane frå denne rapporten er altså at det ikkje er større risiko knytt til å opne vegen ein månad tidlegare. Snarare tvert imot.

I beste fall er faktisk risikoen for snøskred lågare i april enn i mai grunna mindre solinnstråling og oppvarming av snøen. Bilkøyring i fjellterreng vil sjølvsagt alltid vere ein kalkulert risiko, men det er opp til fagpersonell å vurdere om denne risikoen er «akseptabel». Funna til Skred AS stadfestar at ei opning i april er forsvarleg, og gjev oss fagleg ryggdekning til å meine at dette bør realiserast.

Statens vegvesen sine retningslinjer er lagt til grunn for arbeidet, og er mellom anna basert på terrengvurderingar, lokalkunnskap og estimert trafikkmengd på vegstrekninga. 

Styrkar skuldersesongen:

Oppland er Noregs største reiselivsfylke på ferie- og fritidsmarknaden, og berre i Nord-Gudbrandsdalen var det registrert over 660.000 overnattingar i 2016. Men store sesongvariasjonar og bruk av deltidsstillingar er krevjande for mange næringsaktørar. Skal vi lykkast med å styrke skuldersesongane, må vi løfte fram det som gjer oss unike. Vi meiner at Sognefjellet og Jotunheimen er ein del av Oppland sin «x-faktor». Og vi har mange med oss på laget, mellom anna store friluftsaktørar som DNT Oslo og Omegn og Fri Flyt AS.

Naturbasert reiseliv er i vekst. Høgruta i Jotunheimen er eit godt døme på potensialet som ligg i dei urørte fjella, berre infrastrukturen er på plass. Ein månad ekstra tilgang til Sognefjellet vil gi auka omsetning og sysselsetting utanom hovudsesongen. Fleire folk vil på tur. Dei må drikke, eta, sove og fylle drivstoff. Kanskje treng dei friluftsutstyr eller ein guide til den høgaste fjelltoppen. Dessutan er tilkomsten viktig for lokalbefolkninga – da det er mykje god folkehelse i enkel tilgang til attraktive friluftsområde.

Overkommelege driftskostnadar:

Til slutt handlar det om økonomi. Det gjeld altså brøyting av 13 kilometer veg i 30 ekstra dagar. Statens vegvesen har estimert ein årleg driftskostnad på 600.000 - 900.000 kroner. Eventuelle kostnadar knytt til stenging og beredskap ved uvær og skred kjem i tillegg.

Vi meiner at estimatet er høgt, men at summen uansett ikkje bør vere avskrekkande når vi kjenner dei positive ringverknadane.

Valdresflya har fast vegopning 1. april. Vår oppmoding er klar: Brøyt veg i saksbehandlinga. For næringsutvikling, naturopplevingar og folkehelse.

Gi oss fast vegopning til Sognefjellshytta frå 1. april!

Vi står gjerne fyrst i bilkøen bak brøytebilen – med skia på taket. 


 

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags