Om stenging av gamle Strynefjellsveg

Av
DEL

lesarinnlegg
Les i Sunnmørsposten at det frå våren 2019 ikkje får fare køyretøy som er over åtte meter og har meir enn åtte tonn akseltrykk på fylkesveg 258, mellom Grotli og Stryn og at det er fylkestinget i Oppland som har vedteke dette. Les òg at stryneordføraren er kritisk til at korkje Stryn, Stranda eller Skjåk har vore teke med på råd. Nemnde ordførar er redd at reiselivet vert skadelidande. 

Etter mi meining har fylkestinget i Oppland teke ei særs fornuftig avgjerd. Dei store turistbussane som fraktar hordar med turistar mellom cruiseskipa i Loen, Geiranger og Stranda har ingenting på den freda Strynefjellsvegen å gjera. Minibussar kan heller nyttast om ein er redd turistane går glipp av noko. Eg trur dei aktuelle turistane har meir enn nok med td Ørnefjellsvegen, vegen mellom Geiranger og Grotli samt riksvegen vidare til Stryn. Med så mykje fin natur som dei der får oppleva trur eg dei får metta si. 

Eg er glad for at den freda gamle Strynefjellsvegen får vera slik den er, lit urøyvd og ein del av historia. Vonleg vert der òg mindre av den uvettige vardebygginga av freda mosestein langsmed vegen.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags