Flyplass i Vågå

Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

lesarinnlegg 

SV-politikaren Terje Kleiven har eit innlegg i GD 21.juni, som eg gjerne vil svara på. Han meiner det er ei tapt sak å arbeida for flytilbod i regionen vår. Eg kunne ikkje vore meir usamd.

Det har aldri vore større behov for å få etablert ein flyplass enn det er i dag. Ein kjapp gjennomgang av befolkningsprognosane i vår eigen region samanlikna med regionar som har flytilbod, bekreftar dette. Om kommunane, med unntak av Vågå, har vald å selja sine aksjepostar i Gudbrandsdal Lufthamn AS, treng sjølvsagt ein ikkje være aksjeeigar for å arbeida for flytilbod. Kommunane er ikkje aksjonærar i Jernbaneverket, men dei argumenterer for betre jernbanetilbod. Dei er heller ikkje aksjeeigarar i Nye Vegar AS, men dei argumenterer likevel for betre vegar i regionen. Til og med ei miljøgate mellom Otta og Sjoa.

Styret i Gudbrandsdal Lufthamn AS har berre eit ynskje. Det er at kommunane gjennom Nasjonal transportplan kunne være med å argumentera for at AVINOR set i gang ei fagleg utgreiing av ein flyplass i regionen. Det er heilt gratis. Det er alt vi ber om. Det gler oss stort å sjå at mange parti som stiller liste til haustens val no deler dette synspunktet, og stadfester dette gjennom eigne partiprogram.

Engasjementet for å få bygd ein flyplass har aldri vore større enn det er i dag. 8 av 10 innbyggere i Norddalen er positive til planane. Dette kjem fram gjennom ein undersøkelse som Epinion har gjennomført.

For ein SV-politikar, som i likheit med alle oss, er opptatt av miljø, er det som å gå baklengs inn i fuglekassa, og ikkje sjå den enorme teknologiske utviklinga som skjer innan lufttransport. Dei fyrste elektriske flya er alt på vengane. I løpet av nokre år vil det ikkje finnast eit meir miljøvenleg transportalternativ enn fly. Og luftrommet mellom landingsstripene er heilt vedlikehaldsfritt.

Innbyggarar og næringsliv i Norddalen fortener eit kollektivtilbod som kan tåla å bli samanlikna med andre regionar i Noreg.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags