Meir enn ein benk på Tretten

Bygder treng narturlege møteplassar. Benkane utenfor s-laget på Tretten var ein slik møteplass, skriv Mari Sylte Ringstad.

Bygder treng narturlege møteplassar. Benkane utenfor s-laget på Tretten var ein slik møteplass, skriv Mari Sylte Ringstad. Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg
Møteplassar på bygda; treng vi dei? Eg bur ikkje på Tretten, men følgjer med interesse debatten om benkar, eldre karar og kva ein ønskjer og ikkje ønskjer utanfor den lokale butikken. Som går på verdien av det å treffast. Så vel som det å ikkje treffast.

I debatten og kommentarar på nettet ser ein at dette rører ved noko langt djupare enn om ein er for eller i mot benkar utanfor ein lokal butikk. Eg har berre køyrt forbi denne butikken på Tretten, og er utanforståande, ja. Men eg har vakse opp på bygda, og trur eg forstår litt av bygdekulturen. Reint fagleg kan eg også klare å setja meg litt inn i kva dette truleg dreier seg om. Utan å vera lokalkjent.

Som landskapsarkitekt har eg arbeidd mykje med møteplassar og det å skape gode uterom for folk. Både for unge og eldre. Sjølv på knappe areal, og der det ofte er konkurranse om P-plassar og andre funksjonar, kan ein med enkle grep få til gode møteplassar. Med bakgrunn også frå sosiale fag har eg etter kvart fått eit litt vidare perspektiv på møteplassar – mellom menneske. Det er alltid fleire omsyn å ta. Og ja, eg har full respekt for dei som kan oppleve at det er eit hinder å møte ein gjeng karar som sitt utanfor ein butikk. Og butikkeigaren har her fått eit dilemma. Alle kundar har sjølvsagt verdi.

Dette har eigentleg ikkje noko med Tretten som stad å gjera. Det har med korleis livet av og til er. For dei fleste. Med levd liv, sorg og sakn er det innimellom godt å gå utanom møteplassane, og sleppe å stoppe å prate om vêret. Men dette bør likevel ikkje vera eit hinder for dei viktige møteplassane og treffpunkta. Angsten bør ikkje få styre kvar viktige møteplassar skal vera. Og det kan vera legedom i den enkle praten om vêret. Eit nikk og eit lite smil i kvardagen kan «gjera dagen».

Eg er viss på at Tretten som bygd er tent med å ha eit slikt naturleg treffpunkt som fram til nå har vore utanfor denne butikken dette gjeld. Ein vanleg parkeringsplass er 2,5 x 5,0 meter. Utan å kjenne detaljar på staden ville eg tenkt at det kan vel vera verdt å ofre både ein og to P-plassar i sommarhalvåret? Til benkane og den gode praten. Sjølvsagt er dette butikken sitt frie val, dei rår over eige areal. Men på lang sikt vil eg tru at både butikken og bygda vinn på å ha ein slik enkel, men viktig møteplass!
 

Les også: Kunder følte seg overvåket: Derfor ble benkene på Tretten fjernet

Les også: Farlig utvikling ... på Tretten

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags