Reiseliv - næring for framtida?

- Er vi viljuge til å tenkje langsiktig? Er vi viljuge til å si nei til ein forlokkande mengde tilreisande med stuttsiktige opplevingar som mål og med det undergrave ressursane som i utgangspunktet gjer at Innlandet har eit sterkt reiseliv?spør Mai Bakken (SV).

- Er vi viljuge til å tenkje langsiktig? Er vi viljuge til å si nei til ein forlokkande mengde tilreisande med stuttsiktige opplevingar som mål og med det undergrave ressursane som i utgangspunktet gjer at Innlandet har eit sterkt reiseliv?spør Mai Bakken (SV).

Av
DEL

leserinnlegg 

Dette er ein bokstaveleg talt «heit» debatt for tida. Er det mogleg å arbeide for reiselivet som ei næring for framtida, eller er det heilt umogleg når ein veit kor belastande sjølve reisa er for klimaet?

Som SV-ar for fylket Innlandet er dette noko som opptek meg. Reiselivet er svært viktig for dette fylket og i tillegg til landbruk og skogbruk er dette sjølve framtida. Men vi må gjere dei viktige vala og det må gjerast nå!

Kva type reiseliv vi legg til rette for er avgjerande og vi må sjølve ta styringa. Destinasjonsselskapa må ta ei rolle og dei må kjenne at dei speler på lag med kommunar, regionar og fylkeskommune.

Vi må saman arbeide for andre transportløysingar, kunnskapsbasert forvaltning av natur- og kulturverdiar, spele på lag med verdiane vi forvaltar, stutt sagt tørre å ta val for framtida.

Vi må vidare takke nei til volum og masseturisme og raske opplevingar. Kollektivtransporten må styrkast i heile fylket – i byane og rundt i distrikta.

Og vi må snarleg ta debatten om kor mykje meir utmark vi skal ofre til fordel for behov vi menneske har.

Reiseliv utan å fokusere på landbruket og skogbruket er utenkeleg for Innlandet fylke.

Store deler av Innlandet har gode tradisjonar for sunn og god dyrevelferd, god forvaltning av utmarksressursar som beite og skog, verdifullt natur- og kulturlandskap, aktivt nytta for å produsere mat. Desse ressursane har historisk vore avgjerande for busetting i Innlandet, og samanlikna med mange land i Europa har Noreg klart å ta vare på natur- og kulturlandskap med store verdiar.

Dette er fortrinn vi har, det vekkjer interesse, det har verdi. Ikkje minst er dette viktig i reiselivssamanheng, alle ynskjer levande miljø!

Men, er vi viljuge til å tenkje langsiktig? Er vi viljuge til å si nei til ein forlokkande mengde tilreisande med stuttsiktige opplevingar som mål og med det undergrave ressursane som i utgangspunktet gjer at Innlandet har eit sterkt reiseliv? Er vi klare for å bygge opp under kvalitetane, oppfordre til sakte reising og lengre opphald? Kort sagt, trygge framtida!

Greier vi det og på same tid arbeide for transport- og energiløysingar for framtida, har eg framleis stor tru på at reiselivet i samhandling med landbruk og skogbruk framleis skal vere ei næring for framtida for Innlandet fylke.

Dette er noko eg som SV-ar ynskjer å arbeide for og eg håpar at debatten framleis blir «heit», men ikkje på bekostning av dei ressursane vi har eit stort ansvar for!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags