Gråbein-mafiaen i ferd med å øydelegge landet?

TUNHOVD  20170218.
Ulv på Langedrag. Voksen hannulv. Latinsk navn: Canis Lupus
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

TUNHOVD 20170218. Ulv på Langedrag. Voksen hannulv. Latinsk navn: Canis Lupus Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Av
DEL

leserinnlegg 

Den nyliberalistiske, urbane regjeringa må reknast som ein av hovudaktørane i gråbeinmafiaen der målet er ulv i kvar ei ro. Dette vil føre til ekstrem attgroing av kulturlandskapet som gjer at biologisk mangfald og tusenvis av arter forsvinn. Dei fleste mykje viktigare for klimaet og matproduksjonen enn drapsmaskina gråbeinen er.

Det er i kulturlandskapet at 24 prosent av våre trua arter held til! Om naturbeite som har vore her sia istida gror att og biene og insekta blir borte kan det bli smalhans i matproduksjonen.

Gråbeinmafiaen driv rein miljøkriminalitet, for nå er det og stadfesta at attgroing av beite og fjellandskap har større følger enn berre tap av utsikt,-for det er eng og lyng som er best på karbonlagring, slik at ikkje klimagassutsleppa aukar!

Sjølv om regjeringa slit med tunnelsyn i denne saka så kan nå vel ikkje det vara evig? Ei stor skandale er det at miljøminister og miljøorganisasjonar arbeider for miljøkriminalitet og ei storstila utrydding av trua arter!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags