Sju av ti kroner blir brukt på ulv

For Oppland sin del har 70% av akutt tiltaka og 70% av skadefellingsutbetalingane gått til skadefelling av ulv.

For Oppland sin del har 70% av akutt tiltaka og 70% av skadefellingsutbetalingane gått til skadefelling av ulv. Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg

Rovviltnemnda i region 3, Oppland, viser til tidlegare innspel og bekymring kring utviklinga innanfor bestandsmålet for ulv og dei konsekvensar dette har for vårt beiteprioriterte område. Vi har forvaltningsansvar for jerv og gaupe, men dei to siste åra har det vore kontinuerleg skadefelling på ulv i vår region. Vi har betydeleg og også stadig aukande tap til ulv år for år. Dette er ikkje bra!

Stortinget har vedteke eit ulveforlik og det er satt eit bestandsmål som vi no ligg betydeleg over. Vi forventar at rovviltnemnda i region 4 og 5 både blir vist tillit i det dei gjer og at vedtaket deira om justering av bestanden blir teke på alvor. Når i tillegg Miljødirektoratet gjev ei fagleg tilråding på at dette ikkje truar bestanden si overleving, bør ikkje departementet overkøyre rovviltnemndene i denne saka.

Det er nå einigheita i ulveforliket frå Stortinget og forvaltninga blir satt på prøve.

Konsekvensane av meir ulv i Norge og utanfor ulvesona ser vi allereie. For Oppland sin del har 70% av akutt tiltaka og 70% av skadefellingsutbetalingane gått til skadefelling av ulv. Dette er bekymringsfullt med tanke på beitenæringa og det auka presset vi ser har utvikla seg dei siste åra.

Vi vil med dette støtte fullt ut opp om vedtaket for lisensfelling av ulv for vinteren 2018/2019 som rovviltnemndene i region 4 og 5 har vedteke og vi hadde forventa at Klima- og miljødepartementet ville fylgd opp dette.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags