Ei dør inn: Betre tid til verdiskaping i utmarka

Reform: «Omstendelege og uoversiktlege prosessar gjev redusert oversikt, initiativ og mot. Målet må vere å ha enklare og ryddigare saksgang.»Ill.foto

Reform: «Omstendelege og uoversiktlege prosessar gjev redusert oversikt, initiativ og mot. Målet må vere å ha enklare og ryddigare saksgang.»Ill.foto

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

debatt 

«Det tek så lang tid at eg mister motet, eg veit ikkje kvar saka står og kva som er neste steg.»

At det skal bli enklare å bruke utmarka til lokal verdiskaping kling godt når ein bur i eit land der 95 prosent av landarealet er utmark. Men, lang saksgang, mange formelle instansar, manglande samordning mellom aktørar og ei mengd lover gjer at dei som skal stå for slik verdiskaping, mister motet.

Prosjektet «ei dør inn» skal føre til ei forenkling fyrst og fremst for brukarane av utmarka, men og for forvaltinga. Forvaltningsaktørane er mange, det er eit breitt fagfelt, det er vanskeleg å få oversikt og informasjonen er lite tilgjengeleg.

Kommune, fjellstyre, Statskog, grunneigarar, verneområdestyre, fylkesmann og fylkeskommune. Mange skal ha anledning til å seie si meining. Slik blir sakshandsaminga lang og uoversiktleg.

Dette fører til frustrasjon og tida går med til alt anna enn lokal verdiskaping. Forvaltningsaktørane bruker mykje tid på sakshandsaming og prosessar, tid som kunne vore brukt til å prioritere viktige saker og til å rettleie brukarar.

Tidstjuvar stikk av med initiativ og pågangsmot.

Lom kommune har fått støtte til gjennomføring av prosjektet «Ei dør inn», saman med Lom fjellstyre, nasjonalparkforvaltninga for Jotunheimen og Norsk fjellsenter. Målet med forsøksordninga er færre tidstjuvar hos forvaltninga og meir fornøgde brukarar.

Prosjektet satsar på tett dialog med brukar og det er så langt gjennomført to brukarmøte der målet var å avdekke flaskehalsar, kor mange forskjellige lovverk som er knytt til søknader, kor mange steg ein konkret søknad har og korleis kontakten er mellom brukar og forvaltning. Målet er å identifisere utfordringar og forbetringspotensial.

Oppsummering i etterkant synte mykje dei same utfordringane.

Som eit døme kan ein enkelt søknad ha tre mottakarar, sju skal gje uttale, fire skal gjere vedtak og saka involverer seks lovverk. Prosessen blir lang og uoversiktleg, det er vanskeleg å finne god informasjon og tida går.

Sitat brukar: «så blir det vår, og vedtaket er enda ikkje gjort. «I fjellet er det kort tidsrom for bygging. Forseinking kan få store konsekvensar.» Tiltak som må gjerast i barmarkssesong må utsettast.

«Lettvint når éin i forvaltninga har brei kjennskap til feltet. Vanskelegare når kunnskapen og oppgåvene er spreidd over fleire.»

Forvaltningsaktørane har ulik geografisk plassering og tiltakshavar manglar oversikt over kor mange aktørar som skal med i kvar enkelt sak. Mykje av det som kom fram i brukarmøta avdekte og bygde opp under behov for forenkling og fordelen med «ei dør inn». Om svaret på ein søknad blir nei, er det betre å få den avklaringa på eit tidlegare tidspunkt enn å bruke tid og ressursar på å orientere seg i regler, informasjon og lovverk.

Brukarmøtet synte også eksempel på god praksis. Felles dialogmøte og synfaring på eit tidleg stadium mellom aktørar og brukar er ein modell som fjellstyret, kommunen og Statskog i Lom har lang erfaring med i større saker. Nasjonalparkstyret for Jotunheimen har «adoptert» denne praksisen for byggesaker.

Brukarane er tilfreds med slike ordningar, og det forenklar vidare saksgang når aktørane får like opplysningar til same tid. Men, formalisering av slike rutinar manglar, det er altså opp til kvar enkelt kommune å legge til rette for slik praksis. Dette kan gjere handtering av utmarkssaker personavhengig, sårbar og ulik frå område til område i landet.

Prosjektet i Lom og Jotunheimen har til nå teke fatt på å dokumentere og systematisere forvaltningspraksisen i Lom og Jotunheimen.

Gjennom avvikling av to brukarmøte har prosjektet funne konkrete utfordringar vi skal arbeide vidare med.

Det er for tidleg i prosjektet å konkludere, men brukarerfaringane så langt syner at det heilt klart finst potensial for forenkling i utmarksforvaltninga i Norge. Men for å lykkast er ein avhengig av eit stort brukarfokus og godt samarbeid på tvers av dei ulike aktørane. Noko kan løysast lokalt og noko må opp på nasjonalt nivå. Eit element som uansett må vere på plass er gode rutinar for dialog og samhandling, og det må vere vilje til å gjennomføre endringar.

For omstendelege og uoversiktlege prosessar gjev redusert oversikt, initiativ og mot. Målet må heller vere å ha enklare og ryddigare saksgang. Slik kan meir av tida brukast til lokal verdiskaping.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags