Det trengst meir enn ein finger på rattet i Vågå

SV er uroa over den økonomiske situasjonen til Vågå kommune.

SV er uroa over den økonomiske situasjonen til Vågå kommune. Foto:

Av
DEL

learinnlegg
I rapporten for dei fire første månadene konstaterer rådmannen i Vågå at det er krevjande å fylgje opp budsjettet. Meirforbruket kan koma til å vekse til heile seks mill. kr ved årets slutt, om tiltak ikkje blir sett i verk.

Desse utfordringane er ikkje spesielle for Vågå. Mange kommunar har det på same vis. At situasjonen er uviss etter fyrste tertial er heller ikkje spesielt. Uventa ting skjer som krev meir ressursbruk, og ein har heller ikkje nødvendig oversikt over alle inntekter. Rekneskapen i fjor gjekk i pluss, men det var mest på grunn av meir skatteinntekter enn budsjettert. Det er dristig å satse på at det same skal gjenta seg.

Det betyr at driftskostnadene må ned, og det betyr i klår tekst strengare prioritering og meir kutt i tenester.

I møte 4. juni tok kommunestyret saka til orientering. Justeringar får vente til sist i september, altså godt etter kommunevalet. Da er det att berre tre månader av budsjettåret.

Og attpå til vart kommunestyret sin budsjettkonferanse 3. juni også utsett til hausten, pga. mange forfall.

I mellomtida har rådmannen og tenestene oppgåva med å koma inn i dei vedtekne rammene. Dei fleste forstår at det er vanskeleg. Det betyr å spare der det går an, og det betyr at område som burde vore skjerma eller styrka nå, ikkje får nokon beskjed frå den politiske leiinga.

Vågå SV er ikkje ute etter å svartmåle den økonomiske situasjonen, men her er vi redde at kommunestyret let Vågå-skuta bli styrt med berre ein finger på rattet. Mangel på prioriteringar, handlingsalternativ eller i det minste styringssignal, skaper uvisse for alle. Uvisse for mottakarar av tenester og uvisse for tilsette, for det som berre må koma. Eit for høgt driftsnivå i 2019, og som ikkje blir møtt med nødvendige tiltak i tide, får naturlegvis store konsekvensar for korleis rammene må bli neste år, og i åra som kjem. Både for administrasjonen og for dei nye folkevalde blir dette svært krevjande øvingar. Det nye kommunestyret får berre eit par månader på seg til å forstå og vurdere situasjonen og handlingsrommet, før budsjettvedtaket skal fattast i desember.

Godt leiarskap handlar om å ta ansvar, og vise evne og vilje til sampel. Vågå SV si bekymring er at pasningane frå dagens kommunestyre til både administrasjonen og det nye kommunestyret kjem alt for seint.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags