Er det ikkje politisk styring i Vågå?

- For mange store saker blir løfta ut av politiske fora og inn i utval der politikarar, administrasjon og andre blir informert og diskuterer, men utan formelle politiske vedtak, skriv Mette Vårdal.

- For mange store saker blir løfta ut av politiske fora og inn i utval der politikarar, administrasjon og andre blir informert og diskuterer, men utan formelle politiske vedtak, skriv Mette Vårdal.

Av
DEL

leserinnlegg 

Det er lett å gjere narr av eit havarert samarbeid mellom Ap og BL i Vågå, og eit vaklande mindretalsstyre. Men det er ikkje her dei verkelege utfordringane ligg, og som er grunnen til at eg meiner vi treng eit politisk skifte i Vågå.

Sjølvsagt er det politisk styring i Vågå i dag, men den måten det politiske arbeidet er lagt opp på kan med fordel styrkast. Det er særleg tre punkt eg meiner er heilt sentrale for å få til meir innsyn, ein betre og meir ope debatt og tydlegare politisk leiing i Vågå. Og om veljarane vil, så er dette min plan for å fylle ordførarstolen.

For det første, så er alt for mange store saker løfta ut av dei politiske fora og inn i utval der politikarar, administrasjon og andre blir informert og diskuterer, men utan formelle politiske vedtak. Dette gjeld både næringsarbeid og prosjektleiing av galleri og utbygging innan helse- og omsorg. Å gjere slike viktige oppgåver mindre politiske, gjer at det er mindre krav til sakspapir, at arbeidet blir mindre ope for innsyn og at det er lett å miste styring og oversyn. Det er i slike utval uklart kven som har ansvar og kven som fattar vedtak.

Det andre er ein tendens til at vi som politikarar blir orienterte i større grad enn vi blir bedne om å gjere vegval. Både i sakspapir og i ulike presentasjonar i møte får vi høyre kva som er gjort, og kva som er tenkt å gjerast. Men vår oppgåve er ikkje å vite kva som skjer, som lokalpolitikarar skal vi først og fremst prioritere og gjere val. Eg saknar ein politisk leiing og saksførebuing som synleggjer ulike alternativ og både positive og negative konsekvensar. Dei politiske fora må ikkje bli sals-møter, der det er om å gjere å få oss med på det som blir lagt fram. Vi må bli invitert inn i drøftingar av ulike strategiar og vegval, og sjå kvart vedtak i ein større samanheng.

Det tredje problemet eg ser, er at det politiske arbeidet i dag alt for ofte byrjar og sluttar med vedtaket. Skal vi få til ei utvikling og ta grep om styringa, så må vi gjere meir enn å si ja og nei i dei ulike sakene som blir lagt fram for oss. Vi må sjå samanhengar, etablere satsingsområde og følge opp vedtak og dei prioriteringane vi gjer.

Eit godt samarbeid mellom administrasjon og politikarar er viktig, og ein open debatt med innsyn i ulike alternativ, konsekvensar og prioriteringar som blir gjort. Det er viktig for oss som politikarar, for rådmannen, for dei tilsette som skal gjere jobben og for innbyggjarane. For å lukkast i arbeidet er dette dei tre områda som eg meiner må styrkast, og som i dag er med på å svekke den politiske styringa i kommunen.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags