Kjære Jan Tore Sanner, kan vi bli samde om ein arbeidsdeling?

Av
DEL

leserinn 

På Dagsrevyen laurdag 9. mars fekk vi sjå og høyre om Vågå husflidslag som driv kurset «ull på norsk», der kvinner frå andre kulturar får trening i språk og husflidsteknikkar. Kurset har vore ein suksess, og har til og med ført til næringsetablering med Malak systue. Integreringsministeren roser initiativet og arbeidet, men vil ikkje lenger gje støtte. Kurset har vore finansiert av opplæringsprogrammet Kompetanse + frivilligheit som skal bidra grunnleggjande ferdigheiter til alle. Slik eg kjenner saka har Studieforbundet kultur og tradisjon søkt støtte til likande kurs med andre lokale lag over heile landet dei siste to åra. Fredag kom avslaget til 5 lokale lag i 2019. Dei frivillige organisasjonane har ein nøkkelrolle i integreringsarbeidet, seier han, men nå må det vere opp til kommunen.

Kjære Sanner, kommune bidreg til frivillige lag og organisasjonar i kommunane. Det er viktig for oss å sikre at det finns lag av slag, frå hjelpekorps, til idrettslag og til husflidslag. Vår viktigaste oppgåve er å sørge for at desse laga finns, at dei har eit driftsgrunnlag for å drive med sin kjerneaktivitet. For dette er viktige bidrag til samfunnet både lokalt og på nasjonalt plan: at det er nokon som kan hjelpe folk som har skadd seg på fjelltur, at det er nokon som skaper aktivitet for born og unge, rekrutterer idrettsstjerner og tek vare på den immaterielle kulturarven.

Dei frivillige laga er viktige i seg sjølve, med den aktivitet dei driv. Kommunen sin oppgåve er først og fremst å sikre gode rammevilkår for at dei kan eksistere. Og at det kan eksistere eit mangfald av ulike lag med stor breidde i aktivitetane. Dette er å sørge for samfunnets grunnmur. Det ansvaret ser vi, og det tek vi.

Men når nokre lag vil gjere meir og ta større samfunnsoppdrag og vere viktige for meir enn seg sjølv og eigne medlemmer, da treng vi hjelp og støtte. Om vi syter for at det finst ein breidde og gode vilkår for eit mangfald av organisasjonar, kan du hjelpe til når dei er klare for å gjere meir?

For kommunen kan ikkje prioritere eit tiltak no, framfor eit anna. Dei frivillige driv ikkje på overskot, men på eit minimum. Vi må sikre at alle laga kan halde fram, for i morgon kan det vere eit anna lag som kan gjere ein større innsats. Om vi gjer vår jobb for å sørge for at desse laga finst og har vekstvilkår, kan du hjelpe til når dei gjer ein innsats for samfunnet større enn det vi kan forvente? Frivilligheten er eit godt stad å drive integreringsarbeid, men dei fleste har meir enn nok med å redde folk på fjellet, skaffe oppmenn til fotballaget og halde i hevd norsk kulturarv.

Kommunen gjer sin del av jobben. Vil du gjere din?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags