Kommunesamarbeid om sjukeheimsplassar

SV i Vågå vil vurdere samarbeid med andre kommunar om dimensjonering og drift av sjukeheimsplassar.

SV i Vågå vil vurdere samarbeid med andre kommunar om dimensjonering og drift av sjukeheimsplassar. Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg 

Til hausten skal ei blanding av ferske og erfarne folkevalde starte opp arbeidet med å styre kommunen eller fylkeskommunen for dei fire neste åra. Mange vil nok likevel hevde at handlingsrommet til nettopp å styre blir mindre og mindre. Statlege lovkrav og reformer fører til at utgiftene for kommunane aukar, samtidig som regjeringa vil redusere sjølvråderetten til kraftinntekter, eigedomsskatt m.m. Staten styrer og staten strøyper.

Trongare kommuneøkonomi: Kommunar som ikkje vil slå seg saman med andre, kan ikkje rekne med økonomiske insentiv til å stå åleine – tvert om. Distrikta lekker innbyggarar til urbane strok, og det er ikkje berre regjeringa sin feil. Dette er eit fenomen vi ser i store delar av verda. Men konsekvensane er at distriktskommunar opplever nedgang i skatteinntekter og statlege rammeoverføringar, samtidig som dei meir urbane kommunane har store utfordringar i å bygge ut tenestetilbodet i den farten som folketalet veks.

I dette økonomiske landskapet vil ikkje Vågå SV gå til val med lovnader om nye store investeringsprosjekt. Større byggeprosjekt betyr for Vågå sin del at ein stor del må finansierast med nye låneopptak, og renter og avdrag må finansierast over driftsbudsjettet. Lånegjelda er allereie godt opp på pipa, og kommunen er sårbar for renteauke. Konsekvensane vil måtte bli nye kutt i tenester og årsverk, og kommunen kan bli tvinga til å ta ned aktiviteten ytterlegare innanfor område vi heller burde styrka. Slike prosessar skaper frustrasjonar blant tenestemottakarar og tilsette, og bidrar heller ikkje til å styrke tilliten mellom innbyggarar og folkevalde.

Mangel på helsepersonell: Jau, vi veit at nye bygg også fører til lettare og billegare drift. Det ligg moglegheiter i meir effektiv bruk av personalet, reduserte kostnader til oppvarming, m.m. Likevel må fleire faktorar med i reknestykket. SSB har rekna ut at om 15 år kan Norge mangle 46 000 sjukepleiarar og helsefagarbeidarar. Det betyr hardare kamp om arbeidskrafta, og dermed auka kostnader. Framtida handlar også om å ha økonomiske musklar og gode medarbeidarar til å gjera nødvendige omstillingar og ta i bruk ny teknologi. Lykkast vi med dette, kan det varsla behovet for meir helsepersonell bli noko redusert. Kommunane må uansett investere mykje i medarbeidarane sine i åra som kjem.

Planlegging og drift av sjukeheimsplassar: Sjølvsagt vil enkelte større investeringar tvinge seg fram. Vågå SV vil likevel fyrst ha vurdert alle moglege alternativ, blant dei også kommunesamarbeid på område vi enno ikkje har prøvd. Dimensjonering og drift av sjukeheimsplassar kan vera døme på dette, og da meiner vi samarbeid ut over å berre kjøpe plassar som tilfeldigvis står ledige i ein grannekommune.

Samhandlingsreforma inneber at kommunane må ta større ansvar for pasientar som blir utskrivne frå sjukehus. Ein betydeleg del av etterbehandling og lindrande omsorg, må nødvendigvis også skje i sjukeheimane. Dette stiller stadig større krav til kompetansen til helsepersonellet. Er det da fornuftig at alle kommunar i same region dimensjonerer og bygger ut sjukeheimane sine, utan fyrst å ha vurdert samarbeid? Går det an å tenkje ei fordeling av funksjonar og kompetanse?

Invester i folk! Kompetanseheving kostar, og Vågå SV meiner at kommunane er best tente med å investere i medarbeidarar som har eller får faste og store stillingar. Helsepersonellet skal oppleve tryggleik, meining og trivnad i arbeidet sitt. Det sikrar stabilitet og kvalitet i tenestene. Funksjonsfordeling betyr at kommunane kan bli samde om å bygge opp spisskompetanse på ulike område, og slik samla sett få meir komplette og betre tenester enn kvar for seg. Døme på slike område kan vera ymse former for rehabilitering eller forsterka tilbod til personar med demens.

Pengane skal rekke til så mangt: Sjukeheimsplassar er dyre å drifte, men dei fleste kommunane er naturlegvis villige til å bygge ut kapasiteten til å vera stor nok. Behovet for bruk av plassane vil likevel variere frå tid til anna, og det er ikkje lett å ta ned dei faste kostnadene i periodar med overkapasitet. Dermed blir kostnadene fastlåste i tenesta og hindrar bruk på andre tenesteområde.

Kommunane har mange lovpålagde oppgåver, og moglegheitene til å redusere kostnader på eitt område, kan koma tenestemottakarar på andre område til gode.

Vågå SV støttar arbeidet med helse- og omsorgsprosjektet i Vågå kommune, men meiner at regionsamarbeidet i norddalen må ta ei grundig drøfting på dimensjonering, mogleg funksjonsfordeling og samarbeid om drift av sjukeheimane. I eit stadig trongare økonomisk landskap og med fleire oppgåver å løyse, er dette heilt nødvendig. Og enda viktigare enn å planlegge og investere i nye bygg, er det å ha midlar til å investere i gode medarbeidarar – i varme hender og kompetente hovud.

Svein Holen

Fyrstekandidat Vågå SV

Vågå

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags