Liv og lære hjå Vågå Sp

- Det er lov å håpe at Mette Vårdal ikkje fell tilbake til gamle synder om ho skulle bli vald til ordførar i Vågå etter hausten val, skriv Tor Valdvik.

- Det er lov å håpe at Mette Vårdal ikkje fell tilbake til gamle synder om ho skulle bli vald til ordførar i Vågå etter hausten val, skriv Tor Valdvik.

Av
DEL

lesarinnlegg

I eit innlegg i GD skriv ordførarkandidat for SP i Vågå, Mette Vårdal eit innlegg om den politiske styringa i Vågå. Ho peikar på tre problemområde, mellom anna at «alt for mange store saker løfta ut av dei politiske fora og inn i utval der politikarar, administrasjon og andre blir informert og diskuterer, men utan formelle politiske vedtak» og Vårdal hevdar at mindre krav til sakspapir gjer sakene mindre opne for innsyn. Utan å kjenne til korleis det politiske arbeidet i Vågå fungerer i detalj i dag, kan eg på generelt grunnlag seia at dette er eg einig i.

Eg er i det store og det heile samd i det meste av det ordførarkandidaten til Vågå SP skriv. Når eg sat i kommunestyret i perioden 2011–15 refererte GD i enkelte høve heller frå AP sine medlemsmøte enn frå kommunestyremøte. GD skreiv i ei redaksjonell sak før budsjettmøte i kommunestyrt i 2014: «dermed er saka ute av verda for denne gong». Kommunens høgaste folkevalde organ var med andre ord nedgradert til eit sandpåstrøingsorgan for medlemsmøta i AP og det demokratiske underskotet var stort.

Vi gjorde også i programavisa til Bygdalista i 2011 intervju med ein daverande vararepresentant for AP i kommunestyret som fekk tildelt lappar over kva han skulle stemme for og mot når han møtte som vara. Etter fire år som vararepresentant for AP-styret som Vårdal var ein del av konkluderte han den gongen med følgjande: «I Vågå Ap er det 3–5 personar som bestemmer alt på vegner av alle dei andre bak lukka dører, ein slags “guteklubben grei». Dette regimet var Vårdal definitivt ein del av som hovudutvalsleiar og formannskapsmedlem, før ho melde overgang frå AP til SP – og det var svært liten grad av audmjukskap å spore frå AP med omsyn til samtaler, diskusjonar og møter bak lukka dører utan noko offentlege møtereferat den gongen. Når vi kom til kommunestyremøta vart difor nyansane ofte, slik eg og fleire i opposisjonen opplevde det, borte.

Det kan verke som ein har lettare for å akseptere brutale fleirtalsmekanismar om ein er del av det sjølv, noko ordførarkandidat Vårdal si endra haldning til korleis politiske avgjerder skal fattast dokumenterer på ein god måte. Det er lov å håpe at Vårdal ikkje fell tilbake til gamle synder om ho skulle bli vald til ordførar i Vågå etter hausten val.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags