Ingen grunn til feiring!

Av
DEL

Lokale nyheter – 5 kr for 5 uker

leserinnlegg
At det kommunale fellingslaget på Østre Toten på morgonen 7. august lykkast i å ta ut ein ulv etter over 2 månader med fellingsforsøk, er det fellingslaget eine og åleine som skal ha ære for. Landbruksminister Dale bør iallfall halde champagneflaska uopna!

Ei vanskeleg jakt for fellingslag og med store lidingar både for beitedyr og saueeigarar, kunne ha vore unngått om regjeringa med miljøminister Vidar Helgesen i spissen hadde fylgd opp Stortinget sine vedtak om rovviltforvaltninga vår.

Kva skjedde med uttak av rovvilt som utgjer eit skadepotensial i beiteprioriterte område? At det ikkje vart sett i verk uttak av ulven som vart observert i området i mai, er vanskeleg å forstå.

I punkt 2.2.19 i Stortingsvedtaket frå 2011, står det klart og tydeleg: «Det skal ikke være rovdyr som representerer et skadepotensial i prioriterte beiteområder for husdyr og kalvingsområde for tamrein.»

På det tidspunktet var det betre forhold å jakte i, og lite beitedyr ute. Med uttak da kunne eit stort beiteprioritert område for Toten og Hadeland vore spart, mot at dette beiteområdet nå er øydelagt som beiteområde for ein heil sesong.

Kva kan dei bøndene som er ramma vente seg av erstatning?

Nå er det oppgjerets time. Erstatning til bøndene som er ramma skal reknast ut. Tapet for beitenæringa her er større enn berre reint tap av dyr. Med tap av avlsdyr og bruk av innmark og fôring som skulle nyttast seinare, får dette store konsekvensar som må kompenserast fullt ut. Og det er ikkje berre det økonomisk tapet, men også den fysiske og psykiske påkjenninga saueeigarane har vore utsett for som må reknast med.

Med erfaring frå ein liknande situasjon i Rendalen i fjor med 560 sau tatt av ulv, der bøndene søkte om kr 1,3 mill. i erstatning for dokumenterte tap og utgifter og det vart betalt ut kr 360 000, så er det liten grunn til å tru på landbruksminister Dale sine forsikringar om at bøndene på Toten og Hadeland kan vente seg meir.

Det står klart og tydeleg i Stortingsvedtaket av 2011 i punkt 2.2.7: «Det legges til grunn at rovdyrforvaltningen utøves på en slik måte at det ikke er behov for beitenekt etter dyrevelferdsloven i prioriterte beiteområder. Ved vedtak om beiterestriksjoner grunnet rovvilt skal dyreeier ha rett til full økonomisk kompensasjon etter nærmere regler. Kompensasjonen skal gis fra dag én.»

Tilliten til rovviltforvaltninga er kraftig svekka!

At det kostar samfunnet mykje er klart når berre denne eine ulven til nå har kosta oss over 10 millionar kr, men siste års hendingar har også gjort at tilliten til rovviltforvaltninga har fått seg ein knekk. Det todelte målet i stortingsforliket frå 2004 med både å ivareta rovviltbestandane og næringsverksemd basert på beitebruk i utmark, blir ikkje fylgd opp av regjeringa, noko som har påført beitenæring på Toten og Hadeland stor belastning pga. sin manglande vilje til handling i vår.

Senterpartiet vil arbeide for at det vert gjeve full kompensasjon for tap og utgifter beitenæringa vert påført av rovvilt. Det kan ikkje vera slik at beitenæringa skal måtte ta store økonomiske tap når den statlege forvaltninga sviktar. Vi vil også arbeide for at rovdyr som utgjer eit skadepotensial i beiteprioriterte område skal takast ut raskt og effektivt, for å unngå liknande dyretragediar som Toten og Hadeland nå har vore utsett for.

Odnes Ivar

1.kandidat til Stortinget, Oppland Sp

Østre Toten

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags