Moglegheitenes region

Norddalen har mange fortrinn som reiselivsmål, men treng tiltak som gir kortare reisetid for gjestane, meiner Torstein Bjørgen (H).

Norddalen har mange fortrinn som reiselivsmål, men treng tiltak som gir kortare reisetid for gjestane, meiner Torstein Bjørgen (H).

Av
DEL

Valg 2019

Eg er glad i heimstaden min. Eg er gudbrandsdøl, men fyrst og fremst ottadøl og lomver. Eg er kry over det. Likevel er gleda over heimstaden min sett på prøve. Ikkje over staden i seg sjølv, men snarare over ordskiftet rundt. Det er livsfarleg for heile regionen om vi ikkje snart byrjar og diskutere faktiske og realistiske tiltak som kan snu delar av ei utvikling som blir stava med negativt forteikn.


Det er gjennomgåande for ordskiftet vårt at vi diskuterer alle problema våre. Sjølvsagt skal vi gjera det. Likevel er det viktig at vi ikkje grev oss ned i problem, men vrir tankane mot det nye og mot nye framtidige løysingar. Slik eg ser utviklinga i ordskiftet, skjer det motsette. Vi pratar om alt det negative og alt det vanskelege. Ofte utan nemneverdige tiltak som kan snu trendane. Det hjelp ikkje å diskutere problem dersom vi ikkje tek oss tid til å finne dei gode løysingane.


Det var inga særskild sak som vekte mitt politiske engasjement nokre år attende, men eit brennande ynskje om å byggje opp att ein sterk og slagkraftig region. Vi må fortsetje å utvikle det vi er gode på – og vi har eit så stort grunnlag. Vi har sterke mattradisjonar, flotte kulturlandskap og eit sterkt kulturelt liv, saman med eit næringsliv og reiseliv som stadig finn nye bein å stå på. Vi er premissleverandørar av det folk elskar og forbind med Noreg. Enten du interesserer deg for friluftsliv, tradisjonsgastronomi, musikk, eller simpelt hen berre å kjenne at det er stille, som kontrast til eit sosialt plattformslag der dei personlege forventingane vert større og større. Alt dette og meir til kan vi tilby ein gjest, anten gjesten er frå Fredrikstad, eller Frankfurt.

Vi har enorme utviklingspotensial i reiselivet, men for at reiselivet skal kunne utnytte sitt fulle potensial er vi heilt nøydde til å sørgje for at samferdselstilboda støttar opp om næringa sitt utviklingspotensial. Vi veit at produkta våre er så gode at dei markerer seg langt ute i Europa og verda. Når reiselivsnæringa i regionen besøker Gruhne Woche i Berlin for å marknadsføre produktet sitt, står potensielle kjøparar med stjerner i augo. Dei har aldri høyrt noko så fint før. Eit eventyrland, sumar som vinter, midt mellom seks nasjonalparkar. Kva meir kan ein ynskjer seg? Jo – eit samferdselstilbod som dekkjer dei besøkande sine behov.


Reiselivet missar enorme marknader fordi kommunikasjonen med omverda er alt for dårleg. Her pratar vi summar i milliardklassa. Lat oss sjå for oss at vi set oss i bilen i Lom og køyrer til Lillehammer. Det tek grovt rekna to timar. Det same tek det med fly frå Tolstadåsen til Frankfurt. Ser ein då flyplassen på Tolstadåsen og skianlegg i Bøverdal i samanheng, så veit vi at det i Tyskland finst 14,5 millionar aktive alpinistar. Lat oss seia at ein prosent av dei kjem til oss, noko som er eit beskjedent estimat for Nord-Europas største alpinanlegg. Så får vi 145 000 tyskarar på ski hit. Dei legg i snitt att 7000kr kvar, som også er eit beskjedent estimat, og vi har plutseleg ei bruttoinntekt på ein milliard. Berre på tyskarar på ski. Samstundes veit vi at det dryp ein milliard til om ein prosent av engelskmennene og franskmennene kjem også. Og slik veks snøballen, i takt med befolkninga og skatteinntektene i kommunar som i dag flørtar med ROBEK-lista.


Som de forstår er moglegheitene i Gudbrandsdalen enorme. Vi må berre gripe dei. Eg stiller diverre ikkje på liste til hausten. Framtida vil det annleis for meg. Men eg er overtydd om at dei som satsar på ein flyplass på Tolstadåsen kan klare å snu mange av dei negative trendane i regionen. Dei som frontar dette vil få mi stemme – og mange fleire. Lat oss tru på regionen, lat oss tru på produkta våre, lat oss snu dei negative trendane og lat oss byggje ein flyplass på Tolstadåsen.

Torstein Bjørgen

Leiar i Gudbrandsdal og Lillehammer Unge Høgre

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags