Vi vil ha et inkluderande vern

LØFTE: Ordfører Rune Støstad (bildet) får et løfte fra statssekretær Atle Hamar (V) om at kommunene vil bli inkludert når verneprosessen starter. Så langt har det bare vært et forberedende arbeid, skriver Hamar.

LØFTE: Ordfører Rune Støstad (bildet) får et løfte fra statssekretær Atle Hamar (V) om at kommunene vil bli inkludert når verneprosessen starter. Så langt har det bare vært et forberedende arbeid, skriver Hamar. Foto:

Av
DEL

Leserinnlegg
Stortinget har slutta seg til at det skal gjennomførast eit avgrensa supplerande vern. Dette fordi eksisterande verneområde i Noreg ikkje i tilstrekkeleg grad tar vare på alle naturtypar og natur som er trua.

Eg er samd med ordførar Rune Støstad  i Nord Fron kommune som skriv i GD 24. mars at verneprosessar skal vere demokratiske, gode og inkluderande. Eg er og samd i at det ikkje bør gjennomførast tøvete verneprosessar, som han skriv.

Det er difor fylkesmennene er bede om å identifisere konkrete område som kan vere aktuelle for supplerande vern. Det har fylkesmennene gjort ut i frå naturfagleg kunnskap og vurderingar. Ut i frå fylkesmennene sine framlegg, førebuar Miljødirektoratet si tilråding til Klima- og miljødepartementet om kva for samla omfang eit supperande vern bør ha. Klima- og miljødepartementet vil saman med dei andre departementa vurdere dei naturfaglege rådene opp mot andre samfunnsomsyn. Etter ei slik vektig av ulike omsyn vil ein ta stilling til kva for omfang eit supplerande vern skal ha.  og kvar det er aktuelt å starte konkrete verneprosessar.  Når disse konkrete verneprosessane startar, vil alle partar som kommunar, grunneigarar og ulike organisasjonar bli trekt med prosessane på vanleg måte. Da vil også avveginga mellom verneinteresser og andre samfunnsinteresser i dei konkrete områda bli gjort.

Bakgrunnen for dette arbeidet er Stortinget si handsaming av naturmangfaldmeldinga (meld.St.14 (2015-2016) Natur for livet Norsk handlingsplan for naturmangfold.

No følgjer vi opp dette. Målet er at det supplerande vernet skal dekke manglar i dei eksisterande verneområda. Det er særleg lågareliggande område i Sør-Norge som har lav vernedekning, mens fjellnatur er overrepresentert.

Fylkesmannen i Innlandet har som alle dei andre fylkesmennene lagt fram ein oversikt over område som dei meiner kan vere aktuelle for vern. Me ønsker denne oversikta for å kunne vurdere overordna konsekvensar av nytt vern, og justere samla omfang før konkrete verneprosessar startar. Omfanget av nytt vern skal vere avgrensa. Samstundes skal det dekke fleire ulike naturomsyn. Det skal og balanserast mot andre samfunnsinteresser.  Vi ønsker ikkje å starte verneprosesser i område det ikkje er aktuelt å verne. Derfor er det viktig at utveljinga av kva for område ein skal gå vidare med i dei ulike fylka, avgjerast etter ein samla nasjonal vurdering.

Hadde ein starta direkte på verneprosessar i fylka, slik Støstad meiner, ville dette ikkje vore mogleg.

Arbeidet med suppleringsvernet vil skje i to fasar:

No er vi i  fase 1 der vi førebur arbeidet. Fylkesmennene har på bakgrunn av naturfaglege kriterier laga ein oversikt over område som kan vere aktuelle for supplerande vern. Vi har bede Miljødirektoratet, på bakgrunn av innspel frå fylkesmennene, legge fram ein heilskapleg, nasjonal oversikt over samla omfang på areal som er aktuelt for nytt vern. Til sommaren når vi har denne oversikta, vil departementet ta stilling til kva for omfang det er aktuelt å gå vidare med.

Fase 2 er oppstart og gjennomføring av dei konkrete verneprosessane. Når vi kjem så langt, ser eg fram til å ha eit godt samarbeid og ein god dialog både med kommunane og med andre som har interesser i de aktuelle områda. Vi vil sjølvsagt følgje reglane som gjeld for slike prosessar.

Fylkesmannen og Miljødirektoratet har altså ikkje starta ein verneprosess, slik Støstad meiner.

Gjennomføring av suppleringsvernet er ein viktig milepæl i arbeidet med å ta vare på verdifull natur i Norge for framtidige generasjoner. Dette er altså ikkje noko tøv som Fylkesmannen i Innlandet har starta.

Atle Hamar, statssekretær klima- og miljødepartementet

LES OGSÅ: – Elvestuen må stoppe en tøvete verneprosess og starte på nytt 

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags