Ja til mobilfri undervisning - nei til mobilforbod

- Det ein burde gjere, er å annerkjenne at mobilen har komme for å bli, og heller setje seg inn i elevens situasjon.

- Det ein burde gjere, er å annerkjenne at mobilen har komme for å bli, og heller setje seg inn i elevens situasjon. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

leserinnlegg Mobilfri skule er eit tiltak som har blitt meir og meir utbreidd dei siste åra. På skular over heile landet sitt lærarar og jublar over betre konsentrasjon, mindre digital mobbing og meir sosial omgang. Det har fungert så bra at nokre skular til og med vurderer å forby mobilen heilt, altså å ikkje berre ha den liggande avslått i sekken – men forbod mot å ta den med i det heile teke.

Dette er ei omdiskutert løysing, og nokre meiner det er løysinga på alle problem – og nokre meiner det er eit totalt tjuveri av fridomen. Mange meiner og at dette er eit naiv og godtruande tiltak vedtatt av godtroande lærarar som faktisk trur på at elevane har lagt den att heime, og ikkje har den i jakkelomma eller i eit lite rom i sekken.

Mobilforbod er eit bra vedtak, om ein tek i betraktning at elevar berre skal på skulen, og kjem seg knirkefritt heim etter skuledagen. Det er altså ikkje teke med i rekninga at nokre kanskje må ringe for å få skyss heim, nokre har kanskje gløymt att husnøkkel og at nokre skal kanskje på fotballtrening etter skulen. Kvar elevs kvardag er ulik, og derfor er det ei dårleg løysing å lage rigide vedtak for «gjennomsnittseleven» som ikkje finst. Ein har ulike behov for bruk av mobilen, det er ikkje berre «mobilavhengigheit». For mange kan også å ha med mobilen vere ein tryggleik, for eksempel viss nær familie er sjuk, eller ein ventar på ein viktig telefon frå lege. Ja, eg veit at ein kan avtale slikt med læraren, men det er ikkje alle elevar som er komfortable med å fortelje læraren sin om slikt. Eg trur derfor at å forby å ta med telefonen på skulen kan by på fleire utfordringar, enn kva det kan by på av fordelar.

Vi må og vere opne for at teknologien går framover, og at samfunnet stadig er under utvikling. Vaksne må innfinne seg i, og akseptere at ein kvardag no er annleis enn den var for 30 år sidan. Vi er ikkje «mobilavhengige», og vi er ikkje «late» heller. Vi har berre forskjellige verdiar og ulike behov, på grunn av at ein oppvekst no – slett ikkje er det same som ein oppvekst var da den eldre generasjonen voks opp.

Eg meiner ikkje at elevar fritt burde få bruke mobil i undervisningstida, men eg meiner derimot at mobilforbod ikkje er vegen å gå. Ved å stramme inn på eit allereie strengt reglement vil berre føre til at elevar blir likegyldige og finn måtar å «snike» seg utanom. Det ein burde gjere, er å anerkjenne at mobilen har komme for å bli, og heller setje seg inn i elevens situasjon. Ja til mobilfri undervisning – nei til mobilforbod.

Mariell Lunde

Nestleiar, Midtdalen AUF

Vinstra

Følg på: Facebook

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags