Vidaregåande skule: Alle sin kamp mot alle?

-  Ynskjer vi eit magert utval yrkesfaglege tilbod og eit smalt studiespesialiserande tilbod for framtida? SV-politikarane Svein Holen og Torunn Elise Kveen meiner regionen må drøfte skulekvalitet. (Foto: ARKIV/Engelstad Photo (Innsendt bilde))

- Ynskjer vi eit magert utval yrkesfaglege tilbod og eit smalt studiespesialiserande tilbod for framtida? SV-politikarane Svein Holen og Torunn Elise Kveen meiner regionen må drøfte skulekvalitet. (Foto: ARKIV/Engelstad Photo (Innsendt bilde))

Av
DEL

lesarinnlegg


Allereie om åtte månader, 1. januar 2020, slår Oppland og Hedmark seg saman og blir Innlandet fylkeskommune. Heile 46 kommunar vil Innlandet femne om, og blir slik større enn Danmark i areal. Ei av dei viktige sakene det nye fylkestinget får til behandling, er strukturen i vidaregåande opplæring. Innlandet vil få 25 vidaregåande skular i fylkeskommunal regi, samt seks private. Bør regionrådet i norddalen engasjere seg i saka nå?

Fylkesrådmannen i Oppland la fram ei grundig saksutgreiing til fylkestinget i juni i fjor. Konklusjonen var klår: Det må bli færre skulestader dersom kvaliteten i opplæringa skal vera god nok i framtida. Det politiske fleirtalet ville likevel at dagens struktur skulle ligge fast fram til 2020.

Vi veit kva som kjem. Det er i Nord- og Midt-Gudbrandsdal ein ventar størst prosentvis nedgang i aldersgruppa 16–18 år dei neste ti åra. Nedgang i elevtal har store konsekvensar for økonomien. Klasser som ikkje er fylte, betyr høge kostnader pr. elev. Slike fakta gjer seg dårleg i diskusjonar om å oppretthalde status quo.

Vi har ein vidaregåande skule i Nord-Gudbrandsdal – ikkje tre, som ein av og til kan få inntrykk av. Regionrådet må nå vise politisk leiarskap og starte ein grundig og brei debatt om den vidaregåande skulestrukturen i norddalen. Saka hastar, og saka er for viktig til å dreie seg berre om lokalisering av skulestader. Regionen vinn mest på å drøfte dei vanskelege spørsmåla og prøve å arbeide seg fram til eit felles standpunkt. Det kan bety eit vere eller ikkje vere når saka skal til behandling i fylkestinget.

Dette handlar spesielt om kvaliteten i opplæringstilbodet. Elevane må få tilgang til eit breiast mogleg utval av gode yrkesfaglege tilbod, og god djupne i det studiespesialiserande tilbodet. Trass at yrkesfag er eit satsingsområde både nasjonalt og i Oppland, er tilbodet i norddalen svekka, slik det er nå. Samstundes ser det ut til at studiespesialiserande utdanningsprogram har for få programfag å velja i på VG2 og VG3. Ynskjer vi eit magert utval yrkesfaglege tilbod og eit smalt studiespesialiserande tilbod for framtida?

Det handlar også om arbeidsplassar og kompetansemiljø. Tilsette og tillitsapparatet skal ha reell medverknad i endringsprosessar. Dette er naturlegvis fylkeskommunen sitt ansvar som arbeidsgjevar, men regionrådet kan ved å reise debatten om skulestrukturen bidra til at informasjon, dialog og medverknad får ekstra stor merksemd i det strategiske arbeidet. 

Vi må ha tru på at det nyttar for regionrådet å engasjere seg i saka, sjølv om den vidaregåande skulen er fylkeskommunen sitt ansvar. Det hastar, og prosessen må også involvere dialog med midtdalskommunane om tilbodet på Vinstra. Ein ting er vi sikre på; den som berre vil kjempe for å behalde tilbod og lokalisering slik det er i dag, har allereie tapt. Og alle norddalskommunane sin kamp mot alle, er ein dårleg strategi når fylkestinget skal vurdere strukturen i 46 kommunar.

Spørsmålet bør heller vera om det er mogleg for norddalen, trass i relativt stor nedgang i elevtalet, å skape noko nytt i utdanningstilbodet.

Kommunestyra i norddalen blir i desse dagar orienterte om samarbeidet mellom regionen og NTNU.

- Kva for moglegheiter kan det ligge i dette, med tanke også på opplæringstilbodet i den vidaregåande skulen?

- Kva for moglegheiter ligg i eit tettare samarbeid med høgskulemiljø?

- Kan næringslivet i norddalen spela ei enda viktigare rolle i eit utviklingsarbeid?

- Kan samarbeid med universitets- og høgskulemiljø og næringslivet bidra til å bevare og utvikle det gode kompetansemiljøet som den vidaregåande skulen i norddalen rår over?

Vi ynskjer alle initiativ som kan føre med seg eit breiare tilbod og ein auka søkjarmasse til skulane i norddalen velkomne. I denne prosessen må vi alle vera på leit etter felles nemnar, og samle alle gode krefter om løysingar som tener heile regionen. 


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags