LIV LAGA Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Statsminister Erna Solberg har varsla at vi må rekne med 43 timars arbeidsveke om vi skal unngå kutt i velferda framover. Dette er eit forenkla – men viktig bilde på omstillingsutfordringa nasjonen står framfor.
Det er gjort nærare greie for dette i perspektivmeldinga frå regjeringa. Blant grunnane finn vi m.a. eldrebølgja, redusert inntekt frå olje og gass og auke i pensjonsutgifter. Dersom det ikkje blir gjort endringstiltak for å førebyggje dette, vil offentleg sektor stå framfor eit årleg omstillingsbehov tilsvarande fem mrd. kroner allereie i 2030.
Offentleg sektor må kontinuerleg bidra til dette gjennom omstilling og nye måtar å løyse oppgåvene på. Våre liv i Gudbrandsdalen vil definitivt bli påverka av dette. Status i dag er låg kvinnedel (under 90 kvinner pr. 100 menn i alderen 20–39 år), lågt utdanningsnivå, lågt inntektsnivå, låg andel av innbyggjarar med innvandrarbakgrunn (dersom vi i Gudbrandsdalen hadde hatt like stor innbyggjarandel med innvandrarbakgrunn som landssnittet ville vi ha vore 4.000 fleire).
Dette synleggjer eit urovekkande utgangspunkt som vi i fellesskap må ta fatt i og arbeide systematisk for å forbetre. Kommunane og offentleg sektor gjer mykje for å ta fatt i desse utfordringane i dag. Men vi må i betydeleg og større grad invitere næringsliv og friviljug sektor med på laget for å forme framtida.
Eitt av dei viktigaste områda å ta fatt i er å redusere den betydelege andelen av innbyggjarar som av ulike grunner står utanfor arbeidslivet. Større grad av inkludering, og det å kjenne på at ein bidreg ut ifrå eigne føresetnader, betyr auka livskvalitet for den enkelte. Resultatet vil bli auka samfunnsbidrag totalt sett.
Dette må bli forstått av aktørane slik at ein i større grad finn saman i heilskapleg og koordinert arbeid på tvers av etatsgrensene og ansvarsområda i offentleg sektor. Næringsliv og friviljug sektor må inviterast med. Det er lov å stille spørsmålet om t.d. NAV, fylkeskommunen, integrerings- og mangfolddirektoratet, kommunane og organisasjonane som representerer næringsinteressene, har etablert arenaer for nødvendig samhandling, eller om dei arbeider fragmentert og enkeltvis?
Felles arena er avgjerande for tilstrekkeleg koordinering og samordningsgevinst, og vilkåret er positiv tilnærming med tilstrekkeleg og gjensidig tillit. Tillit er som kjent noko som blir skapt gjennom dialog over tid. Initiativ til arenabygging og dialog omkring dette vil etter mitt syn vera eit spennande innovasjonsarbeid med resultatpotensial som er av nasjonal interesse, og kan gje positive resultat for distriktet vårt knytt til våre definitive utfordringar.
Eldrebølgja blir ofte presentert som ei utfordring med negativt forteikn (som i perspektivmeldinga). Kommunane bør sjå på «bølgja» som ei moglegheit. Gjennomsnittleg leveralder vil gå opp. Ikkje minst viktig er det å vera klar over at andel «friske» leveår etter at yrkesaktiv karriere er over, vil auke. Lokalsamfunna kan nyte godt av denne ressursen ved større bevisstheit og tilrettelegging. Stikkorda er mange og kan t.d. vera fritid, samvær med barna, kultur og idrett og vil på mange område representere ein vinn-vinn-situasjon. Friske eldre vil og redusere etterspørsel etter tunge og kostnadskrevjande tenester for kommunane.
Saman med kompetanseutfordringa, er reduksjon av kvinneunderskotet av dei viktigaste utfordringane for Gudbrandsdalen. Kanskje den viktigaste?
Utfordringa har vore kjent over tid, og er tilsynelatande akseptert. Spørsmålet er om vi gjer dei rette tiltaka og har det rette fokuset? Det blir m.a. brukt betydelege offentlege midlar frå ulike hald som er øyremerka kvinnesatsingar. Eg tillèt meg å stille spørsmål om ordningane gjev forventa resultat i eit distriktsperspektiv der auka busetting og framtidssatsing for kvinner i distriktet er målet. Det ser kanskje ikkje slik ut.
Det grunnleggjande er likevel at kjønna må ha like vilkår. Arbeid med å imøtekoma etterspurnad etter heiltidsstillingar og å utvikle større del av heilårsbaserte arbeidsplassar, må halde fram.
Den største samfunnsutfordringa for å utlikne ulikskap mellom kjønna, er etter mitt syn innan pensjonsområdet. At kvinner sit att med i overkant av 80 prosent av det menn får i pensjon, er grunnleggjande feil og «samfunnsuklokt». Dette må endrast, og det vil bety mykje for kvinnene i Gudbrandsdalen og.