leserinnlegg Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Det er mye morosamt å lese i serien Liv laga i GD. Sist laurdag hadde skribenten, som kalla seg ikkje mindre enn grunder, behov for å syne fram at ho lært seg eit nytt og fint ord, coworker.
Dette vart nytta ørten gonger i innlegget, men ikkje nok med det: Her fann vi og uttrykk som remote workers, coworking spaces, hipstere, Global Coworking Forecast.
Og sanneleg, - vi fekk vite at i den trauste Vågåbygda finst det ein Beta Coworking Space! Her skal det også bli ein coworking festival med tid og stunder!
Arbeidsplassene kommer, var overskrifta på innlegget. Jau, vi får tru det, men dei kjem nok ikkje til oss som ikkje er coworkere.
Med henvisning til eit anna - og svært godt innlegg i same serien, kan skribenten ha forete seg på stuttreist og langtidsheva kanelsnurr?
Kunne det vere ein tanke at dei såkalla grunderane prøvde å lære seg norsk?