Med Nortura inn i framtida?

- Vår bønn er at Norturastyret snarast evaluerer om det er lurt å gje gass med same retning som før, når trenden har gått feil veg i så mange år, skriv Ole Bjørner Flittie og Arne Manger, Norturaeigarar og bønder, Lesja. (Arkivfoto)

- Vår bønn er at Norturastyret snarast evaluerer om det er lurt å gje gass med same retning som før, når trenden har gått feil veg i så mange år, skriv Ole Bjørner Flittie og Arne Manger, Norturaeigarar og bønder, Lesja. (Arkivfoto)

Av
DEL

lesarinnlegg
Slutten av tysdag, 26. November 2019. Staden er Thon Hotell Otta. 250 engasjerte eigarar har møtt opp for å høyra bakgrunnen for rapporten som fortel at ein kan spara 31 millionar ved å legga ned ein veldriven hjørnesteinsbedrift på Otta. Slakterisaka har vore ei heit potet i norddalen det siste halve året, og engasjementet har også bredd seg utover fylkesgrensene og til andre produsentmiljø enn dei som vert direkte råka.

Frå salen vert det kommentert, stilt spørsmål og applaudert. Fremst frå salen vert det svara ut, lagt opp bilde, og framskrive resultat og effektar av tiltak. Mykje kan diskuterast om dette, men at reknestykka inneheld mange usikre variablar, det er heva over einkvar tvil. Det er trass alt menneske det er snakk om, både i produksjon og som leverandørar. Å spå korleis utfallet vert, er beint fram umogleg.

Møtet vart avslutta etter drygt 4 timar, og vi sit att med mange inntrykk, mange nye spørsmål, og ein stor dose tvil. Ikkje nødvendigvis tvil om arbeidet som har vore gjort, men tvil om dette verkeleg er løysinga på alle problem, det å leggja ned slakteriet på Otta

Nortura er i motvind, ingen tvil om det, men er då rette medisinen å fortsetja som før?

Det verkar som ei resignert gruppe som representerer Nortura framfor 250 frammøtte eigarar. Lågmælt fortel dei om nødvendige kostnadskutt, tidlegare nedleggingar, press frå daglegvarekjeder, marknadsandelar, og manglande oppfølgjiing av produsentar. Slik går runden. Ein negativ spiral for samvirket vårt.

Begge to er vi oppflaska på samvirke. Det ligg under huda på oss, vi har det i ryggmergen. Vi er også født som bønder, og opplært til at verdiane våre må forvaltast og utviklast, og helst leverast vidare i betre stand enn når me overtok det. Finst denne kulturen i bedrifta som er eigd av oss?

Som fortalt var det ein resignert forsamling som møtte frå Nortura. Defensiv. Det må sparast inn millionbeløp tilsvarande lønnsauka kvart einaste år for å halda skuta flytande. Nortura Otta svarar til om lag 2/3 av eit års nødvendig kostnadsreduksjon.

Antall anlegg er snart nede på eit minimum. Dagens transportforskrifter for dyr seier 8 timar. Dagens. Korleis framtida ser ut, det er det ingen som veit, men ein nedkorting er gjerne nærliggande å tru. Kva då Nortura?

Kva vil Nortura gjera når anleggsstrukturen er fullt ut rasjonalisert? Når det ikkje er fleire anlegg å leggja ned, selja eller slå saman? Skal ein då byrja å sjå på andre naudsynte tiltak? Er det då vi skal gjera ein innsats for å selja produkta våre, når alle fortrinna våre er rasjonalisert vekk? Er det då vi skal satsa på spesialprodukt til betalingsvillige forbrukarar, med direkte heimlevering. Produsert i eit grasområde med mykje utmarksressursar, tja for eksempel Gudbrandsdalen? Skal ein då prøva å gi betre service og tak i problematikken rundt slaktegrisen, og få fylt opp slaktelinjene for ein betre økonomi for eigarane- den norske bonden? Skal ein då få opp prisane på produkta me leverer?

Alle desse tiltaka er noko som garantert betrar botnlinja- og det utan konsekvensar på leverandørsida. Eller, det kan henda at trenden med ein stadig fallande marknadsandel på 4-beinete dyr snur, og faktisk aukar. Det kan hende at den norske husdyrbrukaren ser seg betre tent med å levera til Nortura. Og at dei gjer det med stoltheit. Det er mitt selskap!

Vi er stolte bønder, med stor tru på ei framtid for rein, norsk mat. Dessverre er ikkje det inntrykket vi har av administrasjonen i selskapet. Det som skulle vore fortrinn vert rasjonalisert vekk. Delar norturastyret vår framtidstru? Trur dei norsk mat står seg best når den er produsert i distrikta? Har dei ein plan og ein visjon for korleis Nortura skal gjenvinna marknadsmakt og tillit- både hjå produsent og forbrukar? Har dei ein retning selskapet skal gå i dei neste 5 og 10 åra, som speglar utvikling og ekspansjon, ikkje berre rasjonalisering og sentralisering?

På møtet på Otta var også det såkalla 0-alternativet oppe. Altså, behalda ting slik dei er i dag. Det er ikkje det vi etterlyser. Vi etterlyser eit plussalternativ. Pluss på leverandørsida, på økonomisida, på dyrevelferdssida og på samfunnsansvarssida.


Vår bønn er at Norturastyret snarast evaluerer om det er lurt å gje gass med same retning som før, når trenden har gått feil veg i så mange år. Har Norturastyret ein plan på kvar selskapet vårt er om 5 år? Om 10 år? Om 30 år når våre born skal overta garden me lever og verkar på i dag? Om ikkje, så bør desse planane snarast meislast ut, medan usikre utrekningar med garanterte bortfall av leverandørar vert lagt i ei skuff og gløymd.

Ole Bjørner Flittie og Arne Manger, Norturaeigarar og bønder, Lesja


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags