Når ein bakar greier å selja bollar og brød for nesten 20 millionar kroner i Lom, må det og vera mogleg å få lønnsemd i ein kjøtt og mjølkesentral

Asbjørn Stensrud  trur tida er moden for Nortura til å vurdere eigne utsal. 
Foto:  Gorm Kallestad  / SCANPIX .

Asbjørn Stensrud trur tida er moden for Nortura til å vurdere eigne utsal. Foto: Gorm Kallestad / SCANPIX . Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg
Kampen for å behalde Norturaslakteriet på Otta er ei sak som har vore med å prega nyheitsbildet denne hausten. Det er ei sak som opptek mange og det er imponerande å sjå engasjementet. Det er viktig at Norturaslakteriet på Otta består. Det er ein viktig arbeidsplass for Gudbrandsdalen. Slakteriet leverer gode resultat og ikkje minst er det viktig for dyrevelferda at ikkje transportavstandane blir for store. I staden for å legge ned bør Nortura ha ein ambisjon om å vidareutvikle anlegget med til dømes fleire slakteliner og auke kapasiteten.

Eg er kjend med dei utfordringane som Nortura har stått i dei siste åra. Noko er kanskje sjølvforskyldt, men det er ingen tvil om at matmakta i Norge er i ubalanse. NorgesGruppen, Rema 1000 og Coop sitt med matmakta i Norge. Gjennom dei siste 30 åra har desse aktørane fått lov til å ta over makta og innteninga. Dei eig distribusjonsselskapa, delar av matindustrien og dei bygger opp sine eigne merkevarer.

Distribusjonsselskapet Asko, som er eigd av NorgesGruppen, står for det meste av distribusjon av matvarer til storhushaldningar i Norge. Med storhushaldningar meiner eg alt frå hotell og restaurantar til private og offentlege kantiner og institusjonar. Stikkord er volum og inntening, stor inntening.

Merkevarebygging av eigne produkt er det eg som forbrukar finn mest provoserande med matmakta som blir utøvd av «dei tre store». Nortura sine eigne merkevarer, som til dømes Gilde, er vanskeleg å finne butikkhyllene til Kiwi og Rema 1000. Det er i butikkhyllene til «dei tre store» det ikkje er mogleg å oppdrive sauekjøtt, uansett årstid.

Det er viktig at vi som forbrukare er bevisste på dette. Ønskjer vi at Nortura sine anlegg skal bestå, må vi kjøpe Nortura sine produkt. Eg meiner at det er viktig med eit sterkt og robust landbrukssamvirke som er til stades over heile landet. Det er med å skape mange arbeidsplassar ute i distrikta samstundes som det er med på å balansere matmakta.

I tillegg til bevisste forbrukarar, trur eg tida er moden for Nortura til å vurdere eigne utsalg. Når «dei tre store» ikkje vil ta Nortura sine produkt inn i butikkhyllene, meiner eg at Nortura må utvikle eit eige salsapparat.

På haustferie i Spania i år var eg fleire gonger innom ein kjøtt-og slakterisentral. Her fekk ein med eigne auge sjå korleis slaktet og kjøttet blir oppdelt og foredla. Kva om Nortura og Tine i fellesskap etablerte ein kjøtt- og mjølkesentral, såkalla «brandstore», sentralt i Gudbrandsdalen? Gjerne med filialar i provinsar som til dømes Oslo. I tillegg til nye arbeidsplassar kan dette sørgje for at folk får betre forståing og innsikt i husdyrhald og matproduksjon.

I ei tid der den politiske debatten ser ut til å distansere seg meir og meir frå eit tradisjonelt jordbruk kan dette vera med på å lage ei god motvekt. Folk kan med eigne auge få sjå korleis eit slakt blir foredla. Med politisk vilje i form av nødvendig tilrettelegging (tomteareal etc.), meiner eg at dette bør vera både realistisk og mogleg å få til. Når ein bakar greier å selja bollar og brød for nesten 20 millionar kroner i Lom, må det og vera mogleg å få lønnsemd i ein kjøtt og mjølkesentral.

Asbjørn Stensrud (Sp),
Lillehammer/Sør-Fron

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags