Natur og menneskje må samarbeide

FLOM: Både natur og menneskje må, som før, også framover samarbeide, skriver Tor Oddmund Bergum.

FLOM: Både natur og menneskje må, som før, også framover samarbeide, skriver Tor Oddmund Bergum. Foto:

Av
DEL

LeserbrevDa grunneigarar inn til vassdrag tok ut masse frå vassdrag, da var det ikkje store maskiner og tilsvarande lastebilar som var i aktivitet. Den tida var på same tid hesten som var med når bonden og skogeigaren tok ut tømmer, utplukka hogst enten det gjekk til levering via fløyting på elva vår/tidleg sumar. Det var ikkje "hersa med" terrenget med skogsmaskiner, som i dag. - Eg tenkjer at også dagens uttak både av tømmer- og ved-skog er med å aukar masseflytting som over tid er med og fyller opp og påvirkar frå små til store vassdrag. Like eins bygging av skogsvegar. Dette er synsing frå min eigen ferdsle i naturen. Sjeldan ser eg at det ser fint ut i etterkant av hogst. I min oppvekst opplevde eg at dei som tok ut skogsvirke hadde tanke for at det skulle "sjå ut" etter seg. Også bekken gjennom eigen skog var nøye passa på.

Dagens uttak av masse er minimal, men har også skjedd i nyare tid, og drifting, synest ikkje gje spesielt overbevisande resultat på at det er beint fram enkelt, korkje tidspunkt, "økonomi", forventning/tanke på at det ettertid skal "sjå ut" eller ha absolutt god effekt.

Uttak frå vassdrag er masse-basert, som regel, store maskiner "rotar" fort til og kan lett føre store mengde masse vidare og det meir enn godt er. I tillegg gjev det større risiko for forverring for fisk, insekt og anna levende vesen i naturen. Men så, viss alternativet, ikkje uttak har og konsekvensar. Fem kjerre-lass med hesten i skjekene var meir kontrollerbart ! I vår tid synest ikkje "alt med måte" å vera noko alternativ. Kanskje har det gått ut på dato -

Det kontrollerte er heller ikkje alltid det beste. Store som små vassdrag har i mange tilfelle blitt retta ut eller "renska", endatil steinsett, enten for å få meir fart på og i vassdraget, eller det blir bygd voll for i allfall minske risikoen for flaum. Enten må det gå beint fram. Alternativet er vinkelrett på ?

Vi kan ikkje sjå bort i frå anna enn at både natur og menneskje må, som før, også framover samarbeide. Da er det mange omsyn, for det eine, og det andre, om tilsvarande mot - ein balansegang.

I oppveksten fekk eg med morsmjølka med litt om kvifor det stod ei rekkje store tømrabygg fyllte med stein der vesleelva frå Lågen rann regelrett rett vestover frå Lågen inn i retning Pillarguritoppen. Det var ei lense som i si tid vart sett opp for å hindre at tømmeret som kom med Lågen og Otta skulle kome inn i området Selsjordsøyene = eit "øy-rike"/øyre, som for fløytinga og fløytarane eksempelvis, var til unødig bortheft. Lense-anlegget stod ubrukt, lenge. Så oppsto behovet på nytt, og så lenge det var fløyting i Lågenvassdraget var det installert ei ny, om enn enklare lense. Enkelt, men det funka. Rett nok var det dei siste åra med tømmerfløyting ei utfordring med grus- og steinøya som vaks seg stadig større utanfor Veslelykkja, 500 m lenger sør. Der la det seg ein, to, så fleire og til sist ein utfordrande stor tømmerlunne. Alt til si tid. Også den øya har gjort sitt til å påvirke faret til Lågen vidare sørover. Ho er der no og, og gjev sitt vesle bidrag. Sjølv den som er liten kan bli betydningsfull.

Tor Oddmund Bergum, GOL

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags