Nord Fron kommune

Kommunal gjeld er tema i valkampen i Nord-Fron.

Kommunal gjeld er tema i valkampen i Nord-Fron. Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg
Tilsvar til Terje Sørlie: Eg starta mitt innlegg i GD 5/9 med at i 2017 vart det budsjettert med ca. 10 millionar i underskott. Her skulle eg sjølvsagt presisert at det var for året 2018. Budsjettet blir vedtatt i desember året før, altså i 2017. Eg aksepterer at Terje Sørlie misforsto dette. For å presisere rekneskapstala for 2018, så syner dei ein minus på 12,889 millionar kr.

Overforbruket på tenesteområde var 8,7 millionar kroner. Etter justeringar, p.g.a. lågare pensjonspremie enn budsjettert med meir, vart nøyaktig underskott 9,2 millionar kr. Kontrollutvalget skriv i sin årsrapport at den økonomiske handlefridomen vert påverka av høg lånegjeld. Morten Randen, Mathias Kjæstad og Asbjørg Berget sitt i kontrollutvalet.

Terje Sørlie: "Solberg seier de vil kutte innan leiing og administrasjon."
Dette er feil, eg skreiv at vi støttar omstillingsarbeidet i kommunen. Færre leiarar og reduksjon innan administrasjon er naudsynt for å styrke økonomien. Her er vi einige med Ap.

Terje Sørlieog Ap tek æra for at fonda har auka. Dette kjem m.a. av tidlegare investeringar, momskompensasjon frå staten for eksempel.

Terje Sørlie: "Vi har kutta lånegjelda med 200 millionar dei siste 3 åra" Dette må han forklare, da han som rett er skriv at lånegjelda har auka til 508 millionar pe. 31.12.2018.

Som ansvarleg politikar er eg sjølvsagt klar over kva vi har stemt for, men det er historie. Eg skriv om Sp sin økonomiske politikk, og korleis vi vil styrke økonomien i åra som kjem. Vårt mål om 100 millioner kroner lågare lånegjeld, frigjer ca,6,5 mill.kr på driftsbudsjettet kvart år seinare. Håpar Terje Sørlie er samd i dette.

Siste spørsmål Terje Sørlie: Kor skal Ap redusera for å kome i mål med 20 millionar i kutt på drifta. Minst 13 millionar til må kuttast. I reine årsverk utgjer dette ca. 20. Dei som skal stemme ønskjer nok å få greie på om dei mistar tenester i nærområdet.

Hans Petter Solberg, ordførarkandidat for Nord-Fron Sp

Artikkeltags