Nye E6 er å pisse på ungdom som streiker

Fylkesleiar, Christoffer Tallerås

Fylkesleiar, Christoffer Tallerås Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg
Vi i Grøn Ungdom Innlandet vil aldri akseptere E6 gjennom reservatet i Lågendeltaet. Denne E6'n er eit svik i miljøpolitikken for oss unge. Kor mykje meir natur er det vi skal miste? Ikkje ein centimeter til!

Derfor kjem vi i Grøn ungdom, ungdomspartiet til MDG, til å protestere mot E6 utbygginga heile vegen fram. Om dei tek det så langt at dei tvingar oss til å lenke oss fast, då skal vi gjere det også.

Eg håpar i alle fall at det er nok vett til å bevare eit freda naturreservat, men ein veit jo aldri. Slik det står no, så kjem dei til å rasere heile greia.

Om det er noko som er å pisse på ungdom som skulestreikar, så er det å bygge 4 felts motorvegar gjennom Lågendeltaet. Og vi blir ikkje blide!

Christoffer Tallerås, fylkesleiar i Grøn Ungdom Innlandet, Lillehammer

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags