Oppsplitting av ansvar hemmar gjennomføringsevna

Av
DEL

lesarinnlegg
Dei siste vekene har nyheitsbildet i Gudbrandsdalen vore prega av behovet for uttak av grusmassar i elvemunningen av elva Frya. Som med utløpet av Frya, har debatten tetta seg til. Skuldingane har hagla mot Fylkesmannen og NVE.

Elva Frya er verna mot vasskraftutbygging, og dette vernet brukar Fylkesmannen som eit argument for å nekte flaumsikring av eit stort industriområde som omkransar elvemunningen av Frya. Nå har Fylkesmannen gitt løyve til at ein kan få grave ut noko av massane, men dette er ikkje nok ifølgje dei som er kjende i området. Det foreløpige høgdepunktet kom i slutten av førre veka, da partileiar i Ap, Jonas Gahr Støre, kom på synfaring.
Det mest positive, som kan koma ut besøket til Støre, vil vera om denne debatten blir lyfta ytterlegare frå Frya og Gudbrandsdalen og inn på Stortinget. Aud Hove (Sp) har allereie stilt spørsmål om saka til olje- og energiministeren to gonger. Situasjonen i og rundt Frya er ikkje unik.

Det finst mange liknande døme som Frya. Ikkje berre i Gudbrandsdalen, men i heile landet. Vi kan ikkje drive ein debatt frå elv til elv og frå vassdrag til vassdrag. Til samanlikning er rovdyrforvaltninga, der ein driv saksbehandling frå ulv til ulv, eit godt døme på ei forvaltning som ikkje fungerer.

Politikarar og andre kan fortsetta å «skyte» på byråkratar og offentlege myndigheiter så mykje dei orkar. Det hjelp ikkje mykje når dei same byråkratane må forhalde seg til det lovverket dei skal forvalte. Dei einaste som kan få gjort noko med dette lovverket, som «alle» er misnøgde med, er Stortingsfleirtalet. Det er dei som kan endre lovverket, som avgjer og legg føringar for korleis ein skal gjennomføre flaumverntiltak. Det er også dei som kan sørgje for at det blir løyvd midlar til kartlegging, planlegging og gjennomføring av flaumsikringstiltak for å sikre eksisterande busetnad, industrianlegg og infrastruktur.

Planlegging og gjennomføring av flaumsikring lir av eit uklart regelverk, der for mange ulike offentlege instansar har ei rolle og eit ansvar. Skal det seiast eller skrivast noko om flaum og flaumsikring, er det ofte minimum tre personar, ofte frå tre ulike instansar, som skal uttale seg. Under flaumen i Lom og Skjåk i 2018 kom det ikkje mindre enn tre statsrådar, som alle hadde eit ansvar som omhandla flaumen.

Fraksjonering av ansvar hemmar gjennomføringsevna, i tillegg til at det blir brukt unødige ressursar i byråkratiet som kan brukast til å gjennomføre konkrete tiltak. Det er avgjerande at ein får etablert eit lovverk der ein har moglegheit til å planlegge og gjennomføre naudsynte flaumsikringstiltak av bebygd areal på ein meir effektiv måte enn i dag.

Eg meiner at NVE er rett instans til dette. Dei treng eit rammeverk til å gjennomføre dette på ein langt meir effektiv måte. Der NVE meiner at flaumsikringstiltak er nødvendig, må dei ha eit lovverk som gjer dei i stand til å gjera akkurat det.

I tillegg trengst det meir pengar til å gjennomføre desse tiltaka enn det som har vore tilfelle til nå. Uttak av masser, etablering av flaumvollar og i enkelte tilfelle utbygging av vasskraftverk for å temme elver og vassdrag vil vera viktige og gode tiltak. Tiltak som dette vil òg generera aktivitet og arbeidsplassar.

Asbjørn Stensrud, Sp-medlem, Lillehammer/Sør-Fron

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags